Nytt styre i Hordaland Venstre

Under årsmøtet i Hordaland Venstre denne helga gjorde kvinnene reint bord. Synnøve Handeland frå Kvinnherad vart vald til ny leiar, og får med seg Gunn-Vivian Eide og Åsta Årøen frå Bergen som nestleiarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Ledertrio Hordaland

Den nye fylkesleiaren i Hordaland Venstre er 41 år, arbeider som advokat og er varaordførar i Kvinnherad. Ho er glad for tilliten ho vart vist frå ein samrøystes møtelyd i helga, og er slett ikkje uroa for den høge kvinneprosenten i toppleiinga i fylkespartiet.

– Hehe, nei, eg har jo to kvinnelege forgjengarar i leiarstolen, og får med meg to dyktige nestleiarar. Det viktigaste er ikkje kva kjønn ein har, men at ein er motivert og klar for å gjere ein innsats for partiet, seier Handeland.

Spår vekst i 2011
Årsmøtet samla mykje folk, og den nyvalde leiaren slår fast at partiet på ingen måte ligg nede for teljing, trass eit dårleg stortingsval i fjor.

– Valresultatet var sjølvsagt ein nedtur, men vi har fått ein enorm medlemsvekst i etterkant — også her i Hordaland. Det motiverer til vidare arbeid, og no gjeld det at alle i partiet dreg i same retning for å løfte oss fram mot lokalvalet i 2011, seier Handeland.

Valet i fjor haust førte til framgong for mange av dei store partia, medan særleg sentrumspartia gjorde dårlege val. Handeland trur likevel på ei framtid for Noregs liberale parti.

– Særinteresseparti kjem og går, men Venstre står i ein stolt, liberal idétradisjon. Og ein idétradisjon kan aldri døy.

Avkriminalisering, køprising og monstermaster
Fylkesårsmøtet gjorde også mange viktige politiske vedtak i løpet av helga, og gjekk mellom anna inn for å innføre køprising i Bergen, styrke kollektivtilbodet i Hordaland og satse på kabling framfor monstermaster når nye kraftleidningar skal byggjast. I tillegg gjekk årsmøtet inn for å avkriminalisere narkotikabruk hos rusavhengige. Nestleiar Åsta Årøen meiner ein lyt tenkje nytt kring narkotikapolitikken dersom ein skal klare å redusere skadeverknadar og sikre at personar som lir av narkotikaavhengigheit kan vinne leveår og livskvalitet.

– Kriminaliseringa av narkotikabrukarar fører til marginalisering av allereie vanskelegstilte grupper, og verkar som ei hindring for å søkje hjelp mot avhengigheit og andre helseproblem, seier den nyvalde nestleiaren, som også har bakgrunn frå Kirkens Bymisjon.

Ledertrio Hordaland

Vil aktivisere medlemmar
Årsmøtet vart avslutta søndag ettermiddag, og den nye leiartrioen ser fram til å byggje sterke Venstrelag i heile fylket.

– Skal vi vinne lokalvalet i 2011 må vi sørgje for å aktivisere alle dei nye medlemmane våre. Å byggje sterke Venstrelag i alle kommunar vert definitivt ei hovudprioritering, avsluttar politisk nestleiar Gunn-Vivian Eide.

Det nye styret:
– Leiar: Synnøve Handeland, Kvinnherad
– Politisk nestleiar: Gunn-Vivian Eide, Bergen
– Organisatorisk nestleiar: Åsta Årøen, Bergen
– Informasjons- og opplæringsansvarleg: Sverre Kleivkås, Ullensvang
– Styremedlemmar:
Rolf Nesheim, Lindås
Håkon Frode Særsten, Stord
Erlend Horn, Bergen

1. Bjørnar Hamre, Bergen
2. Marit Leirheim, Askøy
3. Trond W. Tveiten, Bergen
4. Kari Bente Helland, Fusa
5. Lars Djupevåg, Kvam
6. Anne Veim, Bergen
7. Terje Hatvik, Os

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**