Den lange valkampen mot 2011

Her er forslaget til arbeidsplan 2010-2011 for Agder Venstre. Forslaget blir drøfta under fylkesårsmøtet 6.-7. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Arbeidsplan for Agder Venstre januar 2010 — desember 2011

Forslag behandla i felles fylkesstyremøte 5. desember 2009 og 20. januar 2010.
(I rubrikkane under er ikkje alle tal kome rett under rubrikken.)

Eit samla Agder Venstre
Mål for fylkestingsvala i 2011:
2007 Mål 2011
Aust-Agder 2944 stemmer 6,6% 3430 stemmer, ca 7 %
Vest-Agder 3077 stemmer 4,3% 4600 stemmer ca 6,5%

Mål for medlemsutvikling (tall pr. 1.11):
2007 2008 2009 Mål 2010 Mål 2011
Aust-Agder 297 332 380 400
Vest-Agder 242 238 361 400 420

Venstreskolen, minst fire tilbod kvart år innan 50 km frå kvar medlem
Lokalpolitisk nettverk, ferdig datoplan og delvis ferdig innhaldsplan vedlagt.
Listestilling, november 2010 som målsetting for ferdige lister. Agder Venstre skal ha minst 12 lister i Aust-Agder og 12 lister i Vest-Agder i 2011.
Styrking og dyrking av lokallaga og dei lokale folkevalte.
———————————–


Samanslåingsprosessen

Haust 2009: førebu samlingsårsmøte ut frå vedtaka på separate og felles fylkesårsmøte i Grimstad februar 2009.
Felles styremøte: 20.januar 2010, 5. februar umiddelbart før fylkesårsmøtet
6.-7. februar 2010: felles fylkesårsmøte med vedtak om samanslåing straks. Hotell Utsikten i Kvinesdal, Februar-mars 2010: Formalitetar, Brønnøysundregisteret,

Fylkessekretær
I 40% stilling avtalt til 31. desember 2011.
Kontor i Kongensgt. 34, Kristiansand. Kontorleiga blir delt 60% Agder Venstre, 30% Kristiansand Venstre og 10% Unge Venstre.
Hovudoppgåver: Lokallagsoppfølging, listestilling 2011, sekretærfunksjon for styret.

Sosiale medier
I tillegg til aktivt arbeid med NRK Sørlandet, regionaviser og lokalaviser har Agder Venstre eigne publiserings- og diskusjonskanalar. Vi skal bruke fleire ulike kanalar for å styrke bodskapen og nå til dels ulike grupper menneske med same bodskap.

www.venstre.no —
Vi vil følgje opp begge sidene www.venstre.no/austagder og www.venstre.no/vestagder, helst slik at det vi skriv kjem på begge fylkessidene samtidig.
Fylkessekretæren og Venstreskoleinstruktørane har også ansvar for opplæring i lokallaga for eigne sider for kvart lokallag.

Facebook —
Facebook for Agder Venstre kan brukast både til tovegs kommunikasjon, innbydingar til møte, informasjon om synspunkt og lenker over til heimesider, twitter og andre kanalar..
Vi har eiga side Agder Venstre på facebook og skal følgje opp den. Sidene med "Øystein Haga på tinget" og "Anne Margrethe Larsen på tinget" blir liggande som historisk materiale. Straks etter nominasjonsmøta hausten 2010 blir det laga eigne Facebooksider for toppkandidatane, med ansvar for oppdatering hos toppkandidatane og valkampsekretær.

Twitter —
Er eit tovegskommunikasjonsprogram som når mange, særleg mediafolk og unge.
Felles agdervenstre blir oppretthalde. Straks etter nominasjonsmøta blir det laga eigne Twittersider for toppkandidatane (gjerne også nr. 2,3,4 osb), der kandidatane sjølv har ansvar for å legge ut nytt. Twitter har ein såpass personleg stil at kandidatane må ta ansvar sjølve.

www.liberal.no —

er ein blogg for enkeltmenneske, der alle medlemer og andre kan registrere seg og sjølv avgjere ambisjons- og aktivitetsnivå.

Fylkestingsgruppene
Fylkestingsgruppene (to fylkestingsmedlemer i kvart fylke) har eigne møte, og gruppeleiarane møter fast i fylkesstyret. Fylkesstyret oppnemner kontaktpersonar som er med i gruppemøta i fylkestingsgruppene. Fylkestingsgruppene er fylkeslagets fremste politiske ansikt utover, og arbeider ut frå vedtatt valprogram 2007-2011. Fylkestingsgruppene held nær kontakt med gruppeleiarane i kommunar som er omfatta av forslag/vedtak i enkeltsaker i fylkesutval, komitear og fylkesting. Møtekalender for fylkestingsarbeid blir laga av gruppeleiarane i desember 2010, sendt til fylkessekretæren og lagt ut på heimesidene.

Venstreskolen
Minst fire tilbod Venstreskolen trinn 1 kvart kvartal innan 50 km frå kvar medlem Venstreskole trinn 1 i både Aust-Agder og Vest-Agder kvart Trinn 2 ein gong i året, evt saman med Vestfold, Telemark og/eller Rogaland. Konkret tidsplan blir laga i februar 2010.

Lokalpolitisk nettverk
Mål: Skolere, inspirere, skape kontaktnett, legge grunnlaget for gode lokalval i 2011.
Deltakarar:
A. Januar 2010- desember 2010 Dagens folkevalte og første og andre varamedlem i alle kommunestyre og dei to fylkestinga.
B. Januar 2011- oktober 2011 Toppkandidatane i tillegg til dagens folkevalte. Med toppkandidatar er tenkt det talet frå kvar kommune vi har folkevalte nå, pluss 2-3 kandidatar.
Budsjett: Agder Venstre dekker utgifter til lokalleie, innleiarar og enkel servering. Lokallaga dekker reiseutgifter for kvar enkelt.
Arbeidsform:
Tre samlingar kvart år i januar, juni og september (i 2011 i august). Fredagar kl 1800-2100. Tre hovudemne: Venstre, regionen og det lokalpolitiske arbeidet. I bolken "Regionen" er det tenkt emne som samferdsle, miljølandsdelen Sørlandet, samhandlingsreformen for helsevesenet, Universitetet i Agder, Agderforsking, Regionplan Agder osb osb. Det blir henta inn foredragshaldarar både innan partiet og utanfrå (Agderforsking, Sam Eydenettverket, Jernbaneforum Sør/Vegvesenet, Universitetet i Agder, regionplanfolk, Havforskingsinstituttet osb).
Oktober-november 2009: samle inn e-postadresser og mobilnummer til alle folkevalte. På plass pr. 20.11.2009. Innkalling skjer via e-post direkte til dei folkevalte, med kopi til lokallagsleiarane for oppfølging.

Samlingane:

Fredag 15. januar 2010 1800-2100 i Grimstad
Fredag 4. juni 2010 1800-2100 i Søgne
Fredag 8. oktober 2010 1800-2100 i Lillesand
Fredag 7. januar 2011 1800-2100 i Mandal,
(toppkandidatane på 2011-listene blir også invitert med)
Fredag 29. april 2011 1800-2100 i Kristiansand
Fredag 12. august 2011 kl 1800-2100 i .
Fredag .. oktober 2011 — og vidare i heile perioden:
Å legge ein plan for kommunestyrearbeidet 2011-2015

Lokallaga
Lokallaga er basen for Venstrearbeidet i Agder. Agder Venstre legg stor vekt på å styrke lokallagsstyra og dei folkevalte i kommunane.
Lokallaga har årsmøta sine november-januar. ALLE lokallag som ønsker det får besøk frå fylkeslaget på årsmøtet. Viktige emne for fylkeslaget: dele ut prinsipprogram og stortingsprogram pluss Venstre-pin til alle frammøtte, gjennomgang av arbeidsdeling i styret, e-postregister og SMS-register for alle medlemer, abonnement på SMS-varsling, studiearbeid (god finansiering), mediearbeid lokalt, rekruttering til fylkessamlingar.
Valkampnemnd, nominasjonsnemnd og programnemnd for kommunevalet 2011 blir valt på årsmøta i november 2009/januar 2010. Det blir også arbeidd for eit idémøte for programnemndene og nominasjonsnemndene.
Alle lokallag skal ha system for gruppeutsending til alle medlemer med e-post og det same for SMS. Slike lister blir laga i samarbeid med fylkessekretæren. ALLE medlemer skal bli ringt opp to gongar i året, av lokallagsleiar, gruppeleiar i kommunestyret eller i nødsfall av fylkesleiar/fylkessekretær.
Agder Venstre lagar e-post og SMS-grupper over folkevalte i kommunestyre og fylkesting (e-post på plass november 2009), lokallagsleiarar (e-post på plass juni 2009), fylkesstyret, frå januar-mars 2011 kandidatar (samsvar med folkevaltnettverket), e-postregister over alle politiske journalistar på Agder inndelt fylkesvis (på plass frå 2009). Det blir henta inn pris på utsendingssystem slik at SMS-ar kan sendast direkte frå datamaskin. Ansvar: fylkessekretæren.
Valkamporganisasjonen skal trimmast to gonger i året ved aksjonar for å trene på valkampen — som utdeling til syklistar, busspassasjerar, togpassasjerar, andre målgrupper, utdeling i postkasser.
Lokallagsleiarane er også medlemer av fylkesrådet saman med fylkesstyret.

Listestilling
Med liste til valet kan folk stemme på Venstre. Utan Venstreliste blir det ingen Venstrestemmer. Agder Venstre tar særleg ansvar for å hjelpe til med listestilling i (prioritert rekkefølge) Farsund, Vennesla, Birkenes, Froland, Songdalen, Vegårshei, Åmli, Froland, Evje og Hornnes, Valle, Åseral, Hægebostad.

I 2007 hadde vi lister i
(Valresultat 2007 % Stemmer Represen-tantar Posisjonar)
%, stemmer
Aust-Agder 6,6 2944 2 Fylkesutvalet
Gjerstad 10,2 124 2 Formannskap
Risør 13,8 472 4 Varaordførar
Tvedestrand 5,2 144 1 Formannskap
Arendal 5,4 933 2 Formannskap
Froland 2,0 42 0
Grimstad 16,2 1369 6 Ordførar
Birkenes 2,3 47 0
Lillesand 8,1 375 2 Varaordførar
Iveland 14,4 90 2 Formannskap
Evje og Hornnes 2,3 36 0
Valle (1,9 12) Ikkje liste
Vegårshei (2,6 25) Ikkje liste
Åmli (1,7 15) Ikkje liste
Bygland. Fellesliste 15,2 104 1 Fellesliste med Høgre
Bykle 7,3 35 1 Formannskap

Vest-Agder 4,3 3077 2
Kristiansand 4,4 1587 2 Formannskap
Søgne 12,9 580 4 Varaordførar
Songdalen 1,4 36 0
Mandal 3,2 208 1
Marnardal 6,3 65 1
Lindesnes 8,8 201 2
Hægebostad (1,4 11) Ikkje liste
Åseral (1,5 (6) Ikkje liste
Lyngdal 9,2 336 3
Farsund 2,2 105 0
Flekkefjord 16,7 690 6 Ordførar
Kvinesdal 1,8 50 0 (109 stemmer i fylkestingsvalet)
Sirdal 6,4 61 1
Vennesla 1,7 100 0
Audnedal (1,3 10) Ikkje liste

Målet er at alle lokallag skal ha ferdig listene sine innan november 2010.
Agder Venstre tar særleg ansvar for å hjelpe til med listestilling i Farsund, Vennesla, Birkenes, Froland, Songdalen, Vegårshei, Evje og Hornnes, Åmli, Valle, Åseral, Hægebostad.

Arbeidsplanen inneheld også ein detaljert kalender for møte, seminar og tidsfristar.

Forslag til vedtak:
Arbeidsplan for Agder Venstre 2010-2011 vedtatt med dei endringar som kom fram i debatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**