Hersketeknikk frå Godskesen

"Unge hr. Fløystad", skriv stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen, Frp, nedlatande om fylkestingsrepresentant Kåre Gunnar Fløystad, Senterpartiet i fleire aviser.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


At Godskesen har eit anna syn på vegar og offentleg økonomi enn Kåre Gunnar Fløystad er greit. Men innlegget osar av hakkementalitet og hersketeknikk, og det er ikkje greit.
Vi har altfor få unge — og altfor få over 70 år — i politikken. I stadenfor å rakke ned på ungdom, skal vi dyrke talentfulle ungdommar i alle parti som mellom andre nemnte Kåre Gunnar Fløystad, dei unge kommunestyrerepresentantane Anne Tørå Solsvik (Arendal), Olav Grunde Lauvdal (Bygland), Olaf Engestøl (Iveland) i Venstre, Line Vennesland (Evje) og Line Haugland (Arendal) i Arbeidarpartiet, Knut Haavard Kløvfjell (Tvedestrand) i Sosialistisk Venstreparti.
Vi treng dei unge i politikken, og det bør vi som ikkje er fullt så unge oppmuntre til.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre og fylkessekretær for Venstre i Agderfylka

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**