Det er skrive til saman 201 artiklar på heimesida. I gjennomsnitt er det lagt ut 4-5 nye saker på heimesida hver uke. I valkampen konsentrerte vi oss om å oppdatere fylkeslaget sine sider mest, i tillegg til at Anne Tørå Solsvik har eigen blogg både i Agderposten, på Norges Unge Venstre sine sider og elles. Besøket på heimesida til Arendal Venstre er høgt. Det er tydelig at både medlemmer, sympatisører, media og andre interesserte stadig følger med på Venstres heimesider.
Malen for heimesidene er laga i Venstre nasjonalt, og i Arendal Venstre har Jan Kløvstad redaktøransvaret for sidene.
Alle dei fremste tillitsvalte og folkevalte er presentert på heimesidene, saman med program for bystyreperioden, møtekalender, prinsipprogram, fylkestingsprogram og løpende oppdatering frå det politiske livet i Arendal. Alle artiklar kan ein lese ved å klikke på “arkiv” og/eller ved å søke etter stikkord i eige søkefelt.