Vi må stå saman om samferdsel på Agder

– Tilrettelegging og utbygging av kommunikasjon er eit av dei aller viktigaste virkemidla for samfunnsutbygging, sa Kjell Pedersen Rise i Aksjonen Betre stamveg på Sørlandet, da han innleia om viktige samferdslesaker for lokale folkevalte i Venstre på Agder i Grimstad fredag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Kjell Pedersen Rise

Foto: Jan Kløvstad

— Skal Agder vere ein kommunikasjonsdyktig region, må vi ha effektive og velfungerande kommunikasjonssystem og transportkanalar — veg, jernbane, digitale Agder.
Emnet for foredraget var vegutbygginga. Aksjonen Betre Stamveg på Sørlandet arbeider for raskare utbygging av prioriterte strekningar i landsdelen, E39, E18, Riksveg 9 gjennom Setesdal og Riksveg 41 (Telemarksvegen) frå Kjevik gjennom Birkenes, Froland og Åmli til Brunkeberg.
Viktige strekningar på dei sentrale vegane held ikkje mål, sa Kjell Pedersen Rise, og viste til særleg E18 Tvedestrand-Arendal og E39 vest for Kristiansand, mens det heldigvis skjer mykje positivt på riksveg 9 fleire stader i Setesdal.

Viktige mål nå er
– konseptutvalsutgreiing for E39 Søgne- Ålgård innan 2012
– E39 Vigeland-Osestad ferdig 2013
– E39 Gartnerløkka-Hannevikdalen utbygt 2017
– E18 Arendal-Tvedestrand ferdig 2018
– gul midtstripe på riksveg 9 2018
– utbygging av E39 Hannevikdalen-Søgne startar opp i første del av Nasjonal transportplan 2014-2023
– avklarte felles prioriteringar i Nasjonal transportplan (NTP) 2014-2013

Skal vi få sikre og trygge vegar i sør, må vi samarbeid, stå saman og kjempe dei same kampane, sa Kjell Pedersen Rise. Han orienterte også om dei ulike utbyggingsstrategiane i Statens Vegvesen og Nasjonal Transportplan, som gul midtstripe-strategi, korridorstrategi mellom regionar og landsdelar, og bypakkestrategiar for dei større byområda.
Det er 8-10 år lange planprosessar frå konseptutvalsutgreiingane til oppstart av utbygging. Det er heilt vesentleg å vere med i rett tid i NTP. Midlar til planlegging blei redusert frå måla i NTP da regjeringa la fram statsbudsjettet hausten 2009. Særleg på E18 og Rv 134 må vi rekne med lange planprosessar.

Planar den første tida nå i stamvegaksjonen er
– restutbygging av riksveg 9, der det kom gode pengar i tiltakspakka i 2009
– kommunedelplan for E18 Arendal-Tvedestrand innan utgangen av 2011
– kommunedelplan E39 Vigeland-Fardal før sommaren 2010
– forskottering av planleggingskostnader,
og i tillegg hugse å ha "store midlar til små tiltak", altså korte strekningar, midtdelar og andre trafikktryggingstiltak, gang- og sykkelvegar, rassikring og andre viktige tiltak.

– Strategien vår må vere indre samhald, kunnskap, samarbeid med interesseorganisasjonar og media, samarbeid og allianseutbygging innanfor og utanfor landsdelen, samordning av samferdsle. Veg er eit svært "politisk" fagfelt som gir både utfordringar og handlingsrom. Vi må drive eit felles, godt koordinert påverkingsarbeid, sa aksjonsleiar Kjell Pedersen Rise.

– Kva er den optimale finansieringsordninga?, spurte fylkesutvalsmedlem Øystein Haga, og Pedersen Rise viste til at vi må vekk frå årlege finansieringsvedtak. Norge må ikkje lenger vere dei siste i Europa som driv slikt kortsiktig arbeid, vi må ha langsiktig prosjektfinansiering, sa han. Det viktige er å få rask og billegast mogleg utbygging til høg kvalitet.
Torleiv Birkeland, Lyngdal Venstre, spurte om drahjelp frå Rogaland. — Er rogalendingane verkeleg interesserte i god veg austover, eller tenker dei berre til og frå Stavanger? Pedersen Rise oppfatta absolutt velvilje vestfrå i Dalane-området, og viste mellom anna til samarbeidsmøte mellom Lindesnes- og Listerregionane og Dalane regionråd ga klare positive samarbeidssignal.
Dag Vige, formannskapsmedlem i Kristiansand viste til køen frå Møvig og Songdalen til Kristiansand kvar morgon. Skuldast dette at vi har hatt for lite trøkk og for lite gjennomslagskraft overfor sentrale styresmakter? Pedersen Rise viste til at bompakka ikkje er stor nok tidleg nok til at området er kome høgare på prioriteringslistene. Men i neste runde bør det vere godt håp gjennom hardt arbeid. Grimstadordførar Hans Antonsen lurte på kvifor det kostar 10 kr med bompengefinansiering i Kristiansnad, mens det kostar 30 kr mellom Grimstad og Lillesand, og Dag Vige viste til planlagt auke i bompengesatsane framover. Varaordførar Tor Audun Danielsen i Lillesand såg utfordringane i å arbeide parallelt og i godt samarbeid med E18 Tvedestrand-Arendal og E39 vest for Kristiansand samtidig. – Kan vi klare å samarbeide heilt i mål? – Dette er, sa også Kjell Pedersen Rise, ein av dei store prøvesteinane på kvalitet i samarbeidet. Erfaringane frå Digitale Agder var gode, vi må arbeide vidare i same gode samarbeidsånd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**