I Ba meiner han utdeling av gratis heroin til dei tyngste brukarane er ein enkel metode for samfunnet å hjelpe dei. Dette går Venstre langt i å støtte. Blant anna har vi programfesta å starte prøveprosjekt med utdeling av heroin til tunge misbrukarar og ser fram til resultatet av den rapporten regjeringa skal legge fram til sommaren på dette feltet.
Utdeling av heroin har visst seg positiv i Sveits, og fleire land er allereie inne på å starte liknande prosjekter. Dei narkomane treng ikkje å stele, tigge, drive videresalg eller anna for å tene pengar til stoffet sitt, men får det utdelt og kan bruke det under trygge forhold. Noko som påverkar livskvaliteten deira betrakteleg. Også har dette økonomiske verknadar for salet på gata. Det blir vanskelegare å få solgt stoff, og marknaden blir mykje mindre lukrativ for seljarar. Noreg er nærast eit paradis for dei, og sjansane for å bli tatt veies fort ned med tankane på profitt som ligg der.
Dette er ikkje svaret på heile rusproblematikken, men ein løysning for dei tyngre misbrukarane. Ein kan godt sjå på det som ein galskap å dele ut gratis heroin, men kva er det folk får i seg når dei kjøpar noko på gata? Det veit dei aldri. Dette er absolutt eit alternativ til dei som har gått så lenge at dei ikkje lengre maktar å avruse seg og til dei som ynskjer avrusing og treng å samle krefter til det. Ein skal sjølvsagt ikkje gløyme dei andre tiltaka, og dette må gjerast i ledd med ei auka satsing på behandling også. Noreg trengar sårt ein betre rusomsorg. Kanskje er neste steg å slutte å behandle rusmisbrukarar som kriminelle?
Simon Furnes, V