2-årig opphaldsløyve for studentar ved UWC

Årsmøtet i Fjaler Venstre vedtøk denne fråsegna:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Resolusjon

2-årig opphaldsløyve for studentar ved UWC

Fjaler Venstre ynskjer ei forenkling av regelverket slik at det kan utferdast 2-årige opphaldsløyve for utanlands-studentar ved Red Cross Nordic United World College i Fjaler. Etter dagens praksis må opphaldsløyvet fornyast kvart år – trass i at ungdommane skal studere ved skulen i to år. Fordi dagens lovverk krev ei fornying kvart år, resulterer dette i eit svært omfattande og ressurskrevjande meirarbeid både for dei tilsette ved skulen, for det lokale lensmannskontoret i Fjaler og for UDI.
Venstre tok dette spørsmålet opp i Stortinget i februar 2007. Dåverande inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen lova å sjå nærare på tilhøva i samband med utarbeiding av nye forskrifter i utlendingslova. Men framleis ventar vi på ei avklaring av saka.
RCNUWC i Fjaler vart starta opp på Haugland i 1995. Skulen har etablert seg på ein framifrå måte og er blitt ein sentral institusjon i distriktet vårt. Om lag 200 ungdommar frå over 80 ulike nasjonar studerer her — fordelt på to årskull.
Ved ei forenkling av dagens rigide regelverk om opphaldsløyve, vil viktige ressursar kunne nyttast på anna vis, og samtidig gjere kvardagen lettare for studentane og dei tilsette ved skulen.

Samrøystes vedteken av årsmøtet i Fjaler Venstre 10.01.2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**