Fortsatt drøy kost, Arne Sortevik

Forutsigbarheit er ikkje alltid negativt, spesielt ikkje når det gjelder prinsipp ein kan stå for. Prinsippfastleik er ikkje FRP sitt yndlingsleik, og det er spannande å sjå kor miljøvennlege FRP er blitt på sakar der dei kan skryte av å spare inn eit par CO2er.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

klima

Da tenker eg spesielt på biodieselsaka, og betre veger. Du svarte ikkje på nokon av spørsmåla mine om den såkalte skandalen i England vedrørande CRU (Climate Research Unity) eller noko om kva du meiner med at miljøtiltak er øydeleggjande. Du unngår heller det, i kjent FRP stil, og siktar heller til noko heilt anna. Noko av det stussar eg litt på i ditt innlegg den 22. Desember.

Venstre er eit sosialliberalt parti som i motsetning til sosialliberale parti rundt i Europa har sin styrke i distrikta. Da er det merkeleg korleis du kan anklage Venstre for å blindt berre fokusere på jernbane på Austlandet. Her trur eg du blandar oss med kameratgjengen som husar til i Oslo. Ikkje veit eg kor mykje du veit, men Venstre ser det på ein like viktig sak å ha eit godt samferdselsnett i distrikta og i byane. Spesielt der alternativa til transport er få. Der er det viktig å sikre god framkommelig heit, og sjølvsagt vil ikkje Venstre la dette gå utover andre satsingar.

Eg veit ikkje heilt kva slags samfunn du ser for deg, men jernbane er ein viktig satsing, da spesielt mellom dei store byane. Etter det eg veit, er du ein ivrig kritikar av bybanen, men for å få den same transporteffektiviteten på veg som med ein bybane, krev det ein eviggåande rekke av bussar, eller personbilar, og gjerne seksfelts motorveg i enkelte områdar. Ja, det ser ut som ein flott framtid med enda meir asfalt og vilt plasserte bygningsmassar. Du kan godt skryte av vegsatsinga i andre land, men du må og hugse forskjellen på kostnadar av å byggje veier av slike dimensjonar i Noreg, mot andre vestlige land. Også det at veg utbygginga i dei landa har pågått i årtiar før Noreg kom i gong, samt at dei er mange fleire enn oss i Noreg.

Vi kan godt ta enda ein ny runde som klimadebatten. Du unnlet, som kjent, å svare på mine spørsmål. Blant anna, kan vi sjå til utlandet som du er så glad i, og sjå på satsinga på miljøtiltak. Her er oppsluntinga langt høgre enn i Noreg. Også svarte du ikkje meg på kva som kan være så øydeleggjande med miljøtiltak?

For 100 år sidan brukte Venstre eit heilt statsbudsjett på å bygge jernbane mellom Oslo-Bergen. Det same kostar det ikkje i dag. Er det ikkje merkeleg at vi i Noreg må velje mellom å bruke pengar anten på veg, eller endre vår levemåte for å satse på skumle miljøtiltak. Dette er ein svartmåling av eigentleg kva politikk Venstre vil føre, og kva enkle populistiske bodskap Sortevik og FRP ynskjer å få fram. Enkelte, spesielt frå FRP vil prøve å begrave oss som eit einsretta miljøparti, men Venstre fleire sider. Ideen som sosial liberalisme handlar om framtida, og derfor er miljøsaka ein viktig sak for Venstre. Sjølvsagt ser vi fleire sider av miljødebatten, men forskinga har pågått i over 40 år angåande drivhuseffekten, og dei fleste forskarskeptikarane står fast ved foredla forsking eller går berre ut frå personlege meiningar. Det gir ingen god debatt.

Mvh Simon Furnes
Askøy Venstre
og Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**