– Mest realistisk å støtte rådmannens forslag om brygge ved Skilsø

– Det er nok mest realistisk å støtte rådmannens forslag om å gi lov til 15 kvadratmeters brygge ved Skilsø, i staden for dei omsøkte 50 kvardratmeter med sjøbod, sa Anne Tørå Solsvik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


i saka om brygge ved gnr 205/brnr 51 ved Skilsø. – Elles er vi i Venstre redde for at utbyggar ikkje får lov til noen ting i denne saka, sa Solsvik.

Saka er spesiell, fordi tiltakshavar hadde alle godkjenningar frå kommunen for mange år sidan. Men vegvesenet hadde forseinka heile saka slik at det ikkje var mogleg å begynne bygginga innanfor den gitte treårsfristen. I 2002 tilrådde fylkeskomunen å bygge brygga fordi den ikkje hadde innverknad for friluftslivet eller andre forhold for folk flest.

Fleirtalet i planutvalet ville gi lov til å bygge brygge på 50 kvadratmeter med sjøbod på, mens Venstres Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad støtta rådmannens innstilling.

Heile saka her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**