FYLKESÅRSMØTE I MØRE OG ROMSDAL VENSTRE
Quality Hotel Grand Kristiansund AS, Kristiansund
6. og 7. februar 2010
Velkomne til fylkesårsmøte laurdag 6. februar kl 1100 (registrering frå kl 10.15). Møtet reknar vi med er slutt ca kl 1400 på søndag 7. februar.
På laurdag vil programmet innehalde vanlige årsmøtesaker og politiske debatt. Frå leiinga i Venstre vil Trine Skei Grande delta. Det vil bli kulturelle innslag frå Kristiansund. Søndag er det rekneskap, budsjett og val. Vi gjer merksam på at det etter innstilling frå fylkesstyret, skal veljast nominasjons-nemnd for fylkestingsvalet 2011.
Praktiske opplysningar:
* Hugs å ta med utfylt fullmaktskjema til årsmøtet. Fullmaktskjema ligg ved.
* Resolusjonsframlegg sendast helst på førehand (frist 27. januar) eller leggjast fram i møtet
* Saker frå lokallaga må vere styret i hende 7. dagar før årsmøtet
(27. januar)
* Oversikt over tal på utsendingar frå kvart lag ligg ved.
* Påmeldingsskjema med prisane frå hotellet ligg ved.
Forslag på kandidatar til styret og andre verv, meldast til Frits Inge Godø,
e-post adr: [email protected] eller mobil 41433332, snarast og seinast innan 17. januar 2010.
Frist for påmelding er søndag 17. januar 2009.
Hotellet krev bindande lister over deltakarane seinast 14. dagar før årsmøtesamlinga. Alle som deltek gjer opp med hotellet direkte.
Vi ønskjer dykk vel møtt til innhaldsrike dagar i Kristiansund.
Med helsing
Fylkesstyret i Møre og Romsdal Venstre
Trond Hansen Riise
Leiar