Venstre i konstruktiv sjukehusarbeid

Venstres kamp for tre sjukehus på Agder er velkjent, også for Godskesen og de Ruiter. Det eg reagerer på er at dei to, og særleg de Ruiter, heilt unødvendig har hissa opp motstand mot sjukehuset i Arendal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Sjukehuset i Arendal

Foto: Arendal Venstre

Å skåle i kaffe for at ein leiar på sjukehuset fekk sparken har vist seg å vere alt annan enn klok strategi. Det trur eg Freddy de Ruiter — og Ingebjørg Godskesen — innerst inne innser.
Venstre støttar tre sjukehus på Agder, med Arendal og Kristiansand som fullverdige og Flekkefjord som lokalsjukehus. Vi støttar mammografiaksjonen, vi støttar opp om alt som kan skape gode arbeidsvilkår, samarbeid og respekt i landsdelen. Vi støttar ikkje opp om dei lite gjennomtenkte utspela og konspirasjonsteoriane som kan risikere å skade det rettmessige kravet om nettopp eit fullverdig sjukehus i Arendal. Eit direkte resultat er at strategiplanen for sjukehusa nå blir forkorta. Den strategiplanen var ein garanti for tre sjukehus. Nå må vi ta kampen ein gong til.
Som eg peika på i innlegget mitt får Aust-Agder altfor lite hjelp frå staten. Eg er overbevist om at vi oppnår mykje, mykje meir med å stå saman her i sør. Den nye trygge E18 mellom Kristiansand og Grimstad er eit eksempel på det. La oss får meir samarbeid, ikkje mindre.
Eg ønsker Godskesen og de Ruiter ei god jul, og arbeider for at alle skal ha kortast mogleg avstand til sjukehuset — også i austre del av Aust-Agder.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**