Saman er ein mindre aleine – også på Agder

Det er ikke tilfeldig at Agder har fått mindre fra staten, enn alle andre landsdeler, skriver fylkessekretæren for Venstre i Agderfylkene i dette avisinnlegget. Innlegget kan man lese i Fædrelandsvennen lille julaften 2009:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vi i Venstre liker ikkje den opphissa sjukehuskampen mellom Arendal og Kristiansand. Vi liker ikkje at stortingsrepresentant Freddy de Ruiter frå Aust-Agder Arbeidarparti seier i Fædrelandsvennen (17.12.2009) at Aust-Agder er valkretsen hans, og så må han tenke på heile landet framfor resten av Agder.

Agder Venstre ett fylke

Foto: Stein Inge Dahn

Vi liker heller ikkje utspel i same retning frå Ingebjørg Godskesen, Framstegspartiet. Og vi liker ikkje maktarroganse og ignoranse frå andre som ikkje vil sjå heile landsdelen under eitt. Venstre ser Agder som ein samla landsdel, ein landsdel der vi skal arbeide tett, nært og tillitsfullt saman for ei best mogleg framtid for folk som bur mellom Gjerstad, Bykle og Flekkefjord. Det er ikkje tilfeldig at Agder har fått mindre frå staten enn alle andre landsdelar. Det skuldast at vi er for lite flinke til å samarbeide, for lite flinke til å samordne – og for lite rause med kvarandre.

Vi har fått ny og trygg E18 mellom Kristiansand og Grimstad, med Venstre i førarsetet. Denne viktige vegen er eit godt eksempel på at det nyttar å stå saman. Nå må vi bygge på dei positive kreftene, og bli spart for sure oppstøyt frå nærsynte politikarar som trur lokal usemje er ein måte å bygge tillit og respekt på.

Jan Kløvstad på inspirasjonssamling i Lyngdal

Foto: Ann Osaland

Venstre vil ha eitt samla Agder.

Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Venstre i Aust-Agder og Vest-Agder

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**