Inviter den nye transportkomiteen til E18 Arendal-Tvedestrand

Eg viser til aksjonen vi hadde langs E18 mellom Arendal og Tvedestrand 12. mars 2008, da Stortingets transportkomite 2005-2009 var på befaring i landsdelen vår. Nå er det ny transportkomite, nye folk som må få førstehands kjennskap til utfordringane her sør. Det er stor utskifting i komiteen, noe som gjer det ekstra viktig å vere synlege og kunne gi grundig og skikkeleg informasjon, skriv Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Til ordførarane Torill Rolstad Larsen i Arendal og Jan Dukene i Tvedestrand og fylkesordførar Laila Øygarden,

Eg viser til aksjonen vi hadde langs E18 mellom Arendal og Tvedestrand 12. mars 2008, da Stortingets transportkomite 2005-2009 var på befaring i landsdelen vår. Nå er det ny transportkomite, nye folk som må få førstehands kjennskap til utfordringane her sør. Det er stor utskifting i komiteen, noe som gjer det ekstra viktig å vere synlege og kunne gi grundig og skikkeleg informasjon.

Vi har framleis ein Norgesrekord vi verken unner oss sjølve eller andre: 169 avkøyrslar på 19,2 km, altså 119,25 meter mellom kvar farlege avkøyrsel. Vi har årsdøgnstrafikk på 11 500, langt over fleire av strekningane som blei prioritert foran E18 Arendal-Tvedestrand i den nyleg vedtatte Nasjonal Transportplan. Vi har rundt 20% av trafikkens om tungtrafikk, som vil seie at det køyrer over 2000 tunge køyretøy i døgnet på den vege n som samtidig er skoleveg for to barneskolar og ein vidaregåande skole, lokal veg for idrettsplass, hestesenter, ungdomshus, kyrkjer og to barnehagar. I tillegg er E 18 Arendal-Tvedestrand arbeidsplassen for mange bønder som driv aktivt landbruk på begge sider av vegen.

Vi bør invitere transportkomiteen til å kome hit hausten 2010. Innan da har vi venteleg kome langt i detaljplanlegging av nye traséalternativ. Planleggingsarbeidet lokalt skal vere ferdig innan utgangen av 2011, altså klar til komande nasjona le transportplan. Vegvesenet, fylkeskommunen, kommunen og aksjonen «Betre stamveg på Sørlandet» samarbeider nært om både framdrift, traséval og finansiering. Vi vil kunne gi Stortinget ny og oppdatert klunnskap både om økonomi, om trafikktal, og dessverre også om ulykkestal.

Eg ber med dette ordførarane i Arendal og Tvedestrand og fylkesordføraren om å invitere transportkomiteen på Stortinget til befaring på E18 Arendal-Tvedestrand hausten 2010.

Beste helsing

Jan Kløvstad
bystyremedlem for Venstre i Arendal
fylkessekretær for Venstre i Agderfylka

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**