Forskjell også på politikarar

Bestemt form fleirtal er skummel språkbruk. Altfor ofte ser vi at alle i ei gruppe får skulda for det noen i gruppa har gjort. Bjarne Håkon Hanssen krev 2-3000 kr timen for å gi råd (til fattigfolk?), Thorbjørn Jaglands får solid europalønn, Carl I. Hagen håpa på dobbeltlønn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Odd Einar Dørum foran Gunnar Knudsen

Foto: Jan Kløvstad

både som privat konsulent og som rådgjevar for Framstegspartiets stortingsgruppe samtidig. Og da er det mange som snakkar om "politikarane", og påstår at alle politikarar er av same ulla.
Det er forskjell på politikarar. Odd Einar Dørum har også stortingspensjon. Han fann ingen grunn til å krevje ei einaste krone da Grimstad Unge Venstre bad han om å vere med i diskusjon om innhaldet i norskfaget midt i november. Bussreise t/r Oslo og privat overnatting i Grimstad tok eit heilt arbeidsdøgn for Odd Einar Dørum. Men han kravde ikkje konsulentløn i Hanssen-nivå. Han berre spurte om noen kunne skaffe han ei seng nær rutebilstasjonen i Grimstad, så han kunne ta bussen tilbake til Oslo dagen etter.
Politikken treng heidersfolk som Odd Einar Dørum, folk som vil skape verdiar for fellesskapet og ikkje for eigen bankkonto.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**