Til medlemer av Venstre, sympatisørar og representantar elles!

2009 er snart ein del av historia. I den anledning ynskjer Knut Olav Nestås, leiar av Voss Venstre, å skrive ei lita og høgst uformell «årsmelding/jolehelsing».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Venstrekake

Lokalpolitisk har me satt fokus på ein del saker og tema som har blitt positivt mottatt og har skapa debatt i år.

Eksempel på dette kan vere "4-20-20"(4 timar med tog Bergen-Oslo, innan 2020) aksjonen på jernbanestasjonen, saka om styrking av reservasjonsordninga mot reklame, liberalisering av praksis vedk. parkeringsløyve for personar med nedsett funksjonsevne, kritikk mot den estetiske utforminga av Tinghuset, oppmodinga om å støtte "Earth Hour" til ordførarane og nabokommunane våre, eit flott gjennomført kulturmøte med mykje debatt, budsjettforslag med mellom anna forslag om etterutdanning for lærarar, kartlegge fysioterapidekning og forsøk på å "redde" Matlaboratoriet.

Me har også hatt interpellasjonar om mellom anna "Udlabua", gründarstipend og debattforma i kommunestyret.(Høve til meir diskusjon knytt til interpellasjonar.)

Haldninga vår er at me nyttar ressursane våre til saksområde me ynskjer å skape debatt om. For 2009 var me einige om – på årsmøtet i februar – å satse særskilt på næringspolitikk, klima- og miljøpolitikk og kulturpolitikk. Dette betyr ikkje at me slappar av når det kjem til andre saksfelt, men me er ikkje fleire aktive enn at me må prioritere saksområde å sette spesielt fokus på, frå år til år.

Som sagt gjennomførte me eit dialogmøte om kultur i 2009. Dette var ei positiv erfaring. Me håpar å få til noko liknande over nyttår ei gong, men dette vil då ikkje dreie seg om eit nytt kulturmøte. Me kjem tilbake med meir info vedk. dette ved ein seinare anledning.

Årsmøtet vårt blir mest sannsynleg i januar 2010. Tidlegare har det vore i februar, men det er nye krav som tilseier at me bør gjennomføre det i januar denne gongen. Me kjem tilbake med ei innkalling rett over nyttår. Eg kan seie allereie no at det blir mest sannsynleg gjennomført ein måndag i januar.

Venstre Jul Logo

Så vil eg nytte anledninga til å seie dei hyggelegegaste orda ein kan sei i løpet av eit år — God jol og godt nyttår! Eg ser fram til å jobbe med dykk i 2010!

Med venleg helsing
Knut Olav Nestås
Leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**