Voss kommunestyre – politisk verkstad eller sandpåstrøingsorgan?

Gruppeleiar Torstein Gunnarson kommenterar budsjettdebatten i dette lesarinnlegget publisert i avisa “Hordaland” 17.12.09.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


I " Hordaland"sin reportasje laurdag 12.des. heiter det m.a.: "Trass i at AP, SV og Sp har fleirtal i kommunestyret, vart det fleirtal for nokre få av framlegga frå andre parti i budsjettdebatten i Voss kommunestyre torsdag." Formuleringa dekkjer eigentleg over eit ofte tilbakekommande problem i kommunestyret; at fleirtalsgrupperinga sitt framlegg blir banka gjennom utan reell drøfting av avvikande framlegg.

Ap, Sp og SV sitt budsjettframlegg blei også i år fremja som ein "pakke", dvs. at anten må ein stemma for eller mot alt. Og dersom ikkje andre parti insisterer på det, blir deira framlegg også røysta over som "pakke", dvs. med lite høve til å ta standpunkt til dei einskilde delforslaga. Og utan motargument blir så andre einskildforslag kjapt nedstemt.

Det var slik ingen —heller ikkje frå andre politiske parti – som argumenterte mot Venstre sine framlegg om å halda satsane for kulturskulen på dagens nivå, auka godgjersla til støttekontaktane, auka midlar til etterutdanning for lærar, avsetja litt midlar til arbeid med ein samla kulturplan for Voss, omdisponering på investeringsbudsjettet til fordel for m.a. toalett funksjonshemma og brannsikring i Vangskyrkja, ei eiga sak om høgare utdanning i Voss (vedtatt samrøystes ved budsjettbehandlinga i fjor!), at utval for næring og tiltak skal vurdera gründarstipend, at sak skal utarbeidast om fysioterapidekninga i kommunen, at investeringsbudsjettet for dei neste 3 åra skulle gåast gjennom til våren.
Fleirtalet gjekk også mot at administrasjonen skulle leggja fram ei sak om den vidare drift av Matlaboratoriet. Denne interkommunale verksemda har enno ikkje fått svar på eit brev frå aug.08 om tilskot for 2010! Alle kroneforslag hadde inndekning av utgifter. Er verkeleg fleirtalet mot desse V-framlegga?
Sameleis fekk vi ingen reell diskusjon om og votering over einskildframlegg frå KrF og Raudt.

Voss kommunestyre kan nok dessverre ikkje kallast ein politisk verkstad, ,slik gruppeleiarane AP, SV og Sp lova etter valet i 2007!

• Torstein Gunnarson, gruppeleiar Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**