Venstre ville styrke BIO og skåne skule

Ein auke i løyvinga til bistand og omsorg, og nei til fleire kutt i skulesektoren, var Venstre sin hovudbodskap då kommunestyret i Fjaler handsama budsjettet for 2010. På vegne av Venstre, Høgre og Krf gjorde Gudmund Solheim (V) framlegg om å auke ramma for BIO med 200.000 kr i høve til rådmannen sitt forslag. Dessutan ville dei tre samarbeidspartia skåne Fjaler-skulen for yttarlegare kutt — slik AP og SP argumenterte for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


“Vi må passe oss så vi ikkje tar kvelartak på skulesektoren. Skulane i Fjaler er alt pålagde å spare 1,250 mill neste år. 400.000 kr i ekstra kutt kan vise seg å bli dramatisk. Eg skjønar iallfall ikkje kvar desse kutta skal kunne takast,” seier gruppeleiar Solheim i ein kommentar. Med støtte frå SP og dei tre ekskluderte representantane frå SP, fekk AP eit knappast mogeleg fleirtal – 12 mot 11 – for yttarlegare nedskjeringar.
“Dei økonomiske rammene for 2010 er knappe, og i Venstre vurderte vi det som fornuftig i hovudsak å legge seg på rådmannen sitt framlegg. Men vi ville auke BIO med 200.000 kr og sette av 173.000 kr til vegvedlikehald. Stønad til mjølkekvote-kjøp og ordninga med 30.000 kr i tilskot til unge tilflyttarar til Fjaler, fann vi dessverre ikkje rom for,” seier Solheim vidare. “Til det siste vil Venstre heller ha vurdert ei ordning med fritak av eigedomsskatt for nye hus – i til dømes 10 år etter ferdigstilling. Denne ordninga er det fleire kommunar som nyttar seg av.”
“Eg registerer også at med Venstre, Høgre og Krf sitt framlegg, ville bistand og omsorgssektoren fått 550.000 kr meir å rutte med i 2010 samanlikna med det gjeldande vedtaket til AP og SP,” slår Solheim fast. “Vi veit at BIO stadig blir pålagd nye tiltak og arbeidsoppgåver, samtidig som det er ynskjeleg å få redusert sjukefråveret. Då meiner eg og Venstre at det er lite heldig for etaten å måtte starte det nye året med ei ny runde nedskjeringar.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**