Ny leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre

Sogn og Fjordane Unge Venstre i Førde har valt nytt styre, og står no klare til å ta fatt på arbeidet med å samle liberal ungdom i fjordfylket. – Det nye styret vil jobbe hardt for å halde vedlike medlemsauka og sørgje for å halde på beina eit sterkt lag for liberal ungdom i fylket, seier Aleksander Nygaard Åsnes (19), nyvald fylkesleiar frå Førde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Aleksander Nygaard Åsnes

Aleksander Nygaard Åsnes

Den viktigaste oppgåva fram mot lokalvalet i 2011 vert å sørgje for at vi har eit aktivt ungdomslag der engasjert Venstreungdom kan yte sitt for at Venstre skal gjere eit knakande godt val. Vi hadde gode resultat ved skulevalet i haust, og no gjeld det å omsetje den støtte vi fekk ved desse vala til engasjament fram mot valet om to år, seier Åsnes.

Den nyvalde fylkesleiaren er òg oppteken av å jobbe hardt for å påverke både Sogn og Fjordane Venstre lokalt og Unge Venstre sentralt.

– Vi må setje fylket vårt på kartet som eit godt Unge Venstre-fylke, og vi må gjere vårt for at Sogn og Fjordane faktisk vert eit fylke for framtida. Det er ingen løyndom at fylket vårt har store utfordringar som må møtast dei næraste åra, og då er det viktig at engasjert distriktsungdom også får vere med på å setje dagsorden i dei politiske rørslene på sentralt nivå, slår Åsnes fast,

Må sjå på kommunestruktur

Den nyvalde fylkesleiaren frå Førde trur visjonen om Sogn og Fjordane som eit framtidsfylke kan verte sanning, men då meiner han det krevst at ein vågar å ta grep.

- Vi må spørje oss sjølve kvifor folk flyttar i frå det flotte fylket vårt. Eg trur arbeidsplassar er nøkkelen. Vi må klare å leggje til rette for eit levande næringsliv som kan skape morgondagens arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Visjonen om framtidsfylket må vere ein visjon om eit miljøvenleg og nyskapande fylke som kan sikre folk arbeid der dei bur. Då må vi også vurdere om det kanskje ikkje er på tide å sjå på kommunestrukturen vår. Ein føresetnad for å snu flyttestraumen i positiv retning er at vi legg opp til store og robuste kommunar som klarer å tilby folk arbeid, utdanning og velferdsordningar der dei bur.

Resten av styret i Sogn og Fjordane Venstre er samansett av nestleiar Merete Kulset (Årdal), økonomiansvarleg Odd Bovim (Florø), og styremedlemmar Nora Synneva Vigen (Årdal), Sigve Taklo (Leikanger) og Halvor Gregusson (Sogndal).

Ønskjer du kontakt med leiaren i Sogn og Fjordane Unge Venstre, Aleksander Nygaard Åsnes, kan han kontaktast på e-post [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**