Drøy kost, Arne Sortevik

Arne Sortevik sine påstandar om klimakrisen på debatt sida i Askøyværingen Tysdag den 8. Desember er mildt sagt drøye. At en stortingsrepresentant går ut og hevder noko slikt offentleg i ein avis, er spesielt nok i seg sjølv!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Innlegget skinner av faktafeil, og manglar dessutan eit heilt fråvær av nyanisering.

klima

Tar ikkje politikarane forskningjuks seriøst, og er ikkje det som kjem til å bli det neste 100-årets største problem ein sak vi skal prioritere? Det som verkeleg er skummelt er at ein person som ikkje går meir i djupna når han skal kritisere attpåtil er stortingsrepresentant.

La meg fyrst kommentere utsagne om kva folk er redd for rundt om i verda. Terror, islam og fattigdom? Er ikkje muslimar ein del av verda? Tvilar på dei er så redde for islam. Dessutan, kven er ikkje redd for terror og fattigdom? Det er noko som rammer deg personleg, nært og hardt og utan om du vil det. Sjølvsagt er alle det, og ikkje så redd for eit problem dei kan møte langt fram i tid. At du brukar dette til å framheve dine synspunktar vitnar igjen kor godt du har sett deg inn i saka. Vi er i ein periode som prøvar å reise seg frå ein resesjon i marknaden, og folk er sjølvsagt meir redd for å miste jobben sin.

Dessutan spør eg deg, FRP og regjeringspartia; Er det ikkje rart at oppslutninga rundt miljøsaka synk når folk ikkje ser konkrete tiltak, men berre høyrar om midlar som går til den eine forskninga etter den andre og kvote kjøp i andre land? Jo, det manglar tiltak både nasjonalpolitisk og lokalpolitisk som går i retning av lavutslippsamfunnet. Enkle tiltak, som både for meg og deg kan båe spare pengar og energi på. La meg nemne i fleng: Energieffektivisering i kommunale og privat hus, skattelette for dei som brukar mindre energi, omvendt for dei som bruk meir og bioenergi. Korleis kan du seie dette er tiltak som kjem til å få unødvendig konsekvensar?

Legg også til noko om climategate avsløringa. Den er ingen skandale, og eg skjønnar ikkje kvifor du skal bruke energi på å bevise at ikkje alle forskarinstitusjonar er perfekte. I hovudsak går problemet ut på det at ein liten gruppe forskare har forfalska data til å forsterke konsekvensane av global oppvarming. Altså jukset avvisar ikkje klima problemet, men heller problemet med å få det gjort tydeleg nok. Du kan sjølv ta ein innsamling av verdata. Det held med ein stasjon frå kvart land, og sjå sjølv at jorda blir stadig varmare i løpet av åra. Vi skal vere glad for at ikkje berre CRU (Climate Research Unity), institusjonen som det er snakk, jobbar med forsking på dette feltet, men mange tusen andre og. Alle saman visar dei same resultata. Du kan godt si tempraturen varierar, men skilnaden på dei siste hundre åra, og eit par millionar år er faretruande annleis. Dessutan er det ei rekkje andre aktørar som forskar på det same, og dei får like data som dei fekk i CRU. Du kan sikkart kalle det ein samansvergelse sidan alle jobbar mot ditt faktiske synspunkt. Dessutan var det berre eit tital av brev som faktisk inneheldt noko som klimaskeptikarane likte. Sjølv har eg lest breva, og synast ikkje dei er spesielt mistenksame. Dessutan var det ikkje Bt som kom med uttalelsen om at forskare forfalskar og manipulerar. Det var frå ein UIB professor. Så, Sortevik, vær så snill og ikkje prøv å score billige politiske poeng på å framstille forskere som farlige ulvar, men heller belyse det ekte problemet. At ikkje alle blir høyrt i klimasaken.

Om du har lyst, kan du også forklare lesarane kvifor miljøpolitikk er skadeleg. Om folk kan spare pengar, om lufta har mindre partikkelforureining og at planlegginga på Askøy er slik at det er tilrettelagt for kollektivtransport. Dette er positivt, og ikkje øydeleggande. Det er ikkje store tiltaka som også kan hjelpe ein skrall kommunekasse. Så, heller skap ein konstruktiv debatt Sortevik, enn å kverulere med ting du tilsynelatande ikkje har store innsikta i. Dessutan gløymde du dei andre i Noreg som trur klimaendringane er menneskeskapte.

Som skreve i same sak du peikar til:

Klimautslipp

"En studie fra NTNU viser at klimaendringene ikke oppleves som et reelt problem fordi politikerne ikke gjør noe med det. Folk tror altså ikke på forskningsresultatene før de følges opp av politisk handling."

Mvh Simon Furnes
UV og Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**