Venstre er for framtidsretta verdiskaping i Voss Kommune!

Rolf Abrahamsen og Torstein Gunnarson talte for utbyggingane av kraftprosjekta i Jordalselva og Palmafossen kraftverk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Voss Venstre er oppteken av verdiskaping som er framtidsretta, teknologibasert og miljøvenleg. Utifrå gitte saksopplysningar vurderar me desse utbyggingsprosjekta som gode. Venstres kommunestyrerepresentant Rolf Abrahamsen sa mellom anna: «Her optimaliserar ein eit anlegg som produserar rein energi, ein optimaliserar eit anlegg utan å gjere skade på naturen og det biologiske mangfaldet, ein gjennomførar eit kompetansekrevjande prosjekt og ein skapar store verdiar for bygda i framtida.» Dette er argument som Venstre meinar er viktige å ha med i konkrete vurderingar knytt til kraftutbygging. Venstre har tidlegare vist ein viss skepsis for utbyggingsprosjekt av liknande karakter, den skepsisen er knytt opp mot vår haldning til naturvern. Det er viktig at prosjekt av ein sånn størrelsesorden også tek omsyn til det biologiske mangfaldet, samt at det ikkje vert skjemmande for nærmiljøet. Venstre vil fortsette å ta desse omsyna i framtida.

Ein god klima- og miljøpolitikk må også ta omsyn til naturvernet. Dette er ein nyanse Venstre meinar er viktig å ha med seg vidare. For kor «grønt» er eit prosjekt når det skapar store endringar i den omkringliggande naturen?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**