om lag 80 millionar kroner i inntekt på eigedomsskatten.
Her er heile forslaget:
Budsjett 2010
Handlingsprogram 2010-2013
Posisjonens endringsforslag
Vi prioriterer
1.Utbygging av Stuenes skole med byggestart i 2011 og Roligheden i 2013
2.Ein klar sosial profil med auka sosialhjelpssatsar, vidare satsing på vellykka kvalifiseringsprogram og systematisk kvalitetsarbeid i skole og barnehage
3. Offensiv satsing for å styrke inntektsgrunnlaget
4. Nært samarbeid med og respekt for det frivillige Arendal
Om investeringsprofilen
Stuenes skole skal få førsteprioritet med planlagt byggestart hausten 2011, med Roligheden som nr. 2. Vi vil oppnemne oppvekstkomiteen som politisk styringsgruppe som saman med rådmannen vil organisere arbeidet og finne gode løysingar. Planskisse bør vere klar innan sommaren 2010.
Bygging av storhall i Myra blir avklart saman med fylkeskommunen og andre aktører. Foreløpig tar vi denne idrettsinvesteringa ut av budsjettet.
Utgiftene til trafikksikkerhetsarbeid blir auka med kr 200.000, slik at det blir 500 000 kvart år til dette formålet.
Rådmannen blir bedt om utgreiing om nytt bygg for krisesenteret, ikkje-kommunal finansiering av ny brannstasjon og AMK-sentral, evnt samlokalisert med ny politistasjon.
Rådmannen blir bedt om utgreiing om sal av kommunale eigedomar.
Vi vil synleggjere Demensplan 2015 i handlingsprogrammet
Vi sluttar oss til forslaget om at alle investeringar i kunnskapshavna skal skje i privat regi
Musikkens hule, tilskot 1,3 mill for fire korps, Stinta
Drift
Det er og blir eit stramt budsjett. Budsjettet er utfordrande å behandle politisk, fordi det er mange forventningar det ikkje er plass til. Det blir ei stram linje i 2010.
Vi foreslår i år berre mindre endringar i rådmannens forslag, endringar som tilsvarer kr 4,470 mill
Helse og omsorg
– Omfanget av årsverk i omsorgssektoren neste år blir vidareført på dagens stramme nivå, tilsvarande om lag 813 årsverk. Dette er same nivå som i november 2009, men vesentleg lågare enn ønskeleg.
Barnevernet blir styrka med kr 500 000.
For å oppretthalde nivå på tjenestene innan barnefysioterapi foreslår vi kr 350 000 til kjøp av fysioterapitjenester i budsjettet for 2010.
Arendal kommune reforhandlar avtalen med T5, og ser også på innretting av økonomiske avtalar med eldresentra.
"Velkommen til fellesskapet" og His-prosjektet må fortsette. Krav til inntjening må vere realistisk. Bystyret ber om ei eiga sak her.
Det er viktig å styrke kampen mot fattigdom. Sosialhjelpsatsane blir auka med 1,5 mill for å betre levekåra i kommunen. Vi har ikkje funne rom for å heve satsane til tilrådd 2010-nivå. Nivået på sosialhjelpsatsen blir justert opp til 2009-nivå. Det er bra om kvalifiseringsprogrammet kan få enda fleire deltakarar.
Samhandlingsreformen må fullfinansierast av regjeringa. Kommunen har fått 1,9 til å førebu reformen. Vi synleggjer 500.000 av desse pengane, resten må brukast til løpande drift.
Oppvekst
– Rådmannens forslag, saman med vårt forslag til investeringsprofil, gjer skolane til ein budsjettvinnar.
– Kvalitetsarbeidet i skole og barnehage blir ytterlegare prioritert etter at vi fekk på plass oppvekstsjef i 2009.
– Bystyret forventar fullt fokus på Arendalsmodellen og at styringsindikatorar kjem på plass.
– Vi vil sørge for forutsigbare forhold for utbetaling til dei private barnehagane.
– Vi ber om gjennomgang av lærlingeordninga i kommunen. Det er viktig å oppretthalde eit høgt tal lærlingar/lærekandidatar, særleg i helsefag.
Kultur, miljø og næring
Vi vil oppretthalde Eydehavn bibliotekfilial.
I 2010 tilskot kr 1,3 mill til kunstgrasbane på Rykene.
Som målretta klimasatsing løyver vi kr 250.000 til eit klimaprosjekt i Rezekne. Fylkeskommunen blir utfordra til å gi tilsvarande. Det blir innleia samarbeid med relevante fagmiljø.
Sørnorsk filmsenter får kr 70.000 meir, for å fremme filmfagleg aktivitet i regionen.
Vi ber om eiga sak om framtidig satsing på utbygging av Aust-Agder Kulturhistoriske Senter når statlege føringar er klare våren eller hausten 2010.
Over nyttår behandlar vi eigarskapsmeldinga. Vi ber rådmannen ta initiativ til grundig gjennomgang av forholdet til Agder Teater, med sikte på å vurdere eventuelt vidare eigarskap.
Vi vil satse meir på Arendal kulturhus.
Kristiansand styrkar landsdelen med Kilden, Arendal med Arendal kulturhus.
Administrasjon og politikk
Vi forventar ytterlegare effektiviseringsgevinst kr 2 mill innan IKT innanfor budsjettramma i Enhet 88.
I 2010 er det viktig med stort fokus på betre forvaltning av kommunale bygg og eigedomar.
Hardt arbeid for å få opp nærværet, i tråd med kvalitetskommuneprogrammet og lære av praksisen der den er best.
Halde trykk på måla i heiltid/deltidsarbeidet.
Opprette ei stilling med spisskompetanse i å få tak i eksterne midlar. Ekstern utlysing.
Eigedomsskatt
Vårt mål er å få inn ca 80 mill kr i eigedomsskatt for å oppretthalde tjenestenivået i dei to største sektorane våre, omsorg og oppvekst.
Botnfrådraget blir 0, skatten blir 7 promille og reduksjonsfaktoren blir 60% for å gjere skatten forutsigbar. Dette betyr at vi ikkje kan auke eigedomsskatten på ti år.
Vi gir fritak for bygg eigd av frivillige lag og foreningar, § 7 i eigedomskattelova.
Vi ber rådmannen sjå på om bustøtteordninga også kan gjelde for personar som får eit urimeleg forhold mellom eigedomsskatt og inntekt.
Drift Auka inntekter/reduserte utgifter 2010
IKT, effektivisering 2.000
Redusert overføring til investeringsbudsjettet 2.000
Prosjektinntekter 470
Sum 4.470
Drift auka utgifter (2010)
Barnevern 500
Fysioterapitjenester 350
Sosialhjelp 1.500
Klimasamarbeid Rezekne 250
Sørnorsk filmsenter 70
Samhandlingsreformen 500
Tilskudd til Rygene IL, kunstgras 1.300
Sum 4.470
Investeringar 2010 2011 2012 2013
Musikkens hule 1.300
Demensplan, Solhaug osb 1.000 20.000 20.000
Stuenes skole 1.000 20.000 60.000
Roligheden skole 500 500 20.000
Trafikksikkerhet 200 200 200 200
Idrettsparken (utgår, eiga sak) -130.000 -90.000
Sum 2.500 -108.300 -9.300 +40.200
Oppsummert hovudgrep
Driftsbudsjettet er stramt og vi ber innbyggarar og medarbeidarar om samarbeid for å lykkast i 2010.
Dei moderate endringene vi har gjort på driftssida har ein sosial profil
Alle skal få nødvendig helsehjelp og verdig omsorg
Investeringsmessig prioriterer vi Stuenes og Roligheden skoler
Rygene IL får tilskot til kunstgrasbane
Vi bygger Musikkens hule 2010
Tillegg fra SV +50.000,- til Arendal jernbanestasjon blei vedtatt saman med posisjonens budsjettpakke over.
Budsjettet blei vedtatt med støtte også frå Sosialistisk Venstreparti og Knut Mørland, Uavhengig.
Les meir i nettavisene til Agderposten, Arendals Tidende og NRK-Sørlandet.