Datalagringsdirektivet og Høgres truverd

Då Stortinget sa ja til romavlytting i 2005 fekk Venstres truverd som eit liberalt verdiparti store riper i lakken. Framleis vert Venstrefolk som tek opp aktuelle personvernsaker konfrontert med “sviket” for fire år sidan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Venstre stod ikkje åleine om å seie ja til romavlytting. Det var eit solid fleirtal i Stortinget som og inkluderte Høgre, Krf, Ap, SP og FrP. Kvifor er det då slik at det nesten utelukkande er Venstre som blir kopla til romavlyttingsvedtaket? Svaret er todelt. Den eine forklaringa er sjølvsagt at justisministeren i 2005 heitte Odd Einar Dørum. Den andre er at Venstre hadde over tid bygd seg opp eit truverd som personvernets forsvarar. Venstre var partiet framfor nokon ein kunne lite på i saker der tryggleikskamp gjekk på akkord med privatlivets fred.

I dag er ikkje spørsmålet romavlytting, men datalagringsdirektivet. Konfliktlinja er like klassisk som for fire år sidan: kor mykje personleg fridom og integritet er vi viljug til å ofre for myndigheitenes kamp mot alvorleg kriminalitet. Ein stad må det i ein demokratisk rettsstat gå ei grense, men går han ved datalagringsdirektivet? Ja, seier Venstre, KrF, Frp, Sp og SV. Ja, seier og personvernkommisjonen, Datatilsynet, Den Internasjonale Juristkommisjonens norske avdeling og mange, mange fleire. Nei, seier Arbeidarpartiet og Politiets Fellesforbund.

Datamus, hånd

Dersom Høgre meiner noko med dei fine programformuleringane om demokrati, rettsstat og menneskerettar, må dei vise det no. Vi snakkar om eit direktiv som går ut på å pålegge registrering av alle borgarars frie bruk av telefon, e-post, mobil og internett, i tilfelle dei finn på noko kriminelt i framtida. Datalagringsdirektivet vil føre til Noregshistorias mest omfattande overvakingsregime.

Leiinga i Høgre bør hente fram Dagbladet frå 17.juli 2008. I debattspaltene frå denne dagen kan ein lese eit personverninnlegg frå Jan Tore Sanner som vert avslutta slik:
"Personvern er en helt sentral verdi for at vi skal føle at vi lever i et fritt og trygt samfunn tuftet på tillit mellom mennesker og mellom individ og stat. En naturlig konsekvens av et svakt personvern er at borgernes tillit til stat og trygghet for egen rettssikkerhet blir en trussel mot nødvendig og velbegrunnet informasjonstilgang i samfunnet vårt. Frykten for at informasjon misbrukes vil kunne skape et mer lukket samfunn. Derfor må det politisk handling til for å styrke personvernet".

Ein treng ikkje minne eit konservativt parti på at det i eit demokrati er det borgarane som kontrollere staten, og ikkje omvendt. Difor er det mange av oss som har forventingar til at Høgre står opp for personvernet i debatten om datalagringsdirektivet.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Sviktar Høgre vil datalagringsdirektivet fort bli det romavlytting blei for Venstre. Multiplisert med hundre!

Lars-Henrik Paarup Michelsen
————————————————————————-

Dette innlegget har og stått på trykk i Minerva 2.12.2009.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**