Vedtaket inneber at Torstein Gunnarson blir Venstres representant i gruppa som skal jobbe vidare med næringsutvikling, Rolf Abrahamsen blir Venstres representant for gruppa som skal jobbe med samferdsel, mens Anne Jorunn Ryum Møen blir Venstres representant i gruppa som skal jobbe med Kultur. Knut Olav Nestås, kommunestyrerepresentant og leiar i Voss Venstre, vil på grunn av studiar i Nord-Trøndelag ikkje vere representert i arbeidsgruppene.
Gruppeleiaren for Venstre i kommunestyret, Torstein Gunnarson, er glad for å ha kome med i gruppa som skal jobbe med næringsutvikling. «Dette vert ei interessant oppgåve, og ei verkeleg utfordring! Næringsutvikling er eit av dei klart viktigaste felta for å sikre Voss Kommune si framtid. Me er heilt avhengige av verdiskaping for å ha vekst i kommunen. Når politikarar krev nytenking og nyskaping innanfor næringslivet, så er det klart at me folkevalde og har ei betydeleg oppgåve framfor oss.»
Som tidlegare kommunalsjef veit Gunnarson ein del om kor krevande offentlege prosessar kan vere, men seier at arbeidet med kommuneplanen no er ekstra viktig. «Denne planen bind kommunen opp i tidsrommet mellom 2011 – 2022. Mykje kan skje på den tida, men Venstre har ein framtidsretta politikk som eg har trua på i denne samanhengen! Dette gledar eg meg til!» avsluttar Venstres gruppeleiar.