Tidsramma for dagen var knapp, men det engasjerte deltakarane og dialogen om alle dei aktuelle tema var god. Liv Henjum var innhenta og kom med fengjande innlegg og tankar om moglege suksessfaktorar bak eit godt lokallag.
– Det er viktig å marknadsføra politikken og synleggjere Venstre lokalt i tida framover og mot valet i 2011. Dette er viktig også for valet i 2013, seier Terje Breivik.
Møtelyden inkludert styret og fylkestinggruppa var representert frå 12 lokallag og Sogn og Fjordane Unge Venstre. Fylkesstyret, fylkestinggruppa og inviterte gjester skal halde fram med arbeidsmøte søndag og bruke alle dei gode innspel og tips som Terje og lokallaga har komme med i løpet av dagen.