Har «verdas finaste landskap» ein prislapp?

Engasjementet er enormt. Protestane er mange og høglydte. Ein kan forstå at noko er i emning. Få temaer engasjerar oss meir enn grove og brutale inngrep på naturen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Fjordlandskapet "vårt" blei nyleg kåra til det finaste i verda av eit kyndig ekspertpanel. Her er eit utdrag frå nettavisa til "Nationen", publisert 26.10.2009. Dette seier følgjande: "Magasinet National Geographic bruker verdens mest reisevante eksperter til å kåre attraktive reisemål. Men aller mest stolte bør de menneskene være som lever og arbeider langs fjordarmene og i fjell- og dalsidene. For National Geographics jury understreker at det som særlig gjør det vestlandske fjordlandskapet så flott, er at det bor folk der. Folk og dyr, som tar vare på kulturlandskapet. "

Kvar dag føregår det større og mindre inngrep rundt om kring, men forslaget om bygging av kraftkablar i luftspenn kan bli eit av dei grovaste inngrepa Hardanger/Voss regionen har sett på lang tid. Er det verkeleg ein byråkrat eller politikar som held til i Oslo som skjønnar kva ein legg på offerbordet i denne saka?

Sei at me byggar ut kraftkablar i luftspenn over fjorden, vil det få presedens? Vil liknande skje i andre fjordar på vestlandet? For Voss Venstre er ei heilskapleg utvikling av regionen vår viktig. Me tenkjer også på Hardanger og kommunane rundt oss. Ei ytterlegare utvikling av dei næringane som er i vekst må stimulerast gjennom vilje frå næringslivet sjølv, og der me politikarar legg rammene til rette for vidare utvikling. Kommunane våre er ikkje større enn at me må stå saman! Det skjer flotte initiativ no, mellom anna på internett. Me oppfordrar alle til å sjekke sida: www.bevarhardanger.no og signere på eit opprop der. Oppropslista vil bli sendt til Terje Riis-Johansen. Lat meg presisere ein ting: Venstre har vore i mot ei utbygging der kraftkablane skal gå i luftspenn over fjorden, Venstre er fortsatt i mot denne form for utbygging og Venstre vil gjere sitt for å påverke dei som tar beslutningane!

Noko anna ville vore horribelt av eit grønt sentrumsparti. Eller kva, Terje Riis-Johansen?

Med liberal helsing
Knut Olav Nestås
Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**