Venstre meinar at Voss må ha ambisjonar for å kunne skape arbeidsplassar!

Vikarierande gruppeleiar Anne-Jorunn Ryum Møen er rysta over kommunens manglande vektlegging av næringspolitikk.

I kommunestyremøtet 19.11.09 føreslo Venstre å ajourføre Strategisk Næringsplan for Voss Kommune. Denne planen varte mellom 2005 — 2008 og er å rekne som utdatert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Kvifor meinar Venstre me treng ein strategisk næringsplan?

Vikarierande gruppeleiar Anne-Jorunn Ryum Møen svarar: – Pr. i dag har ikkje kommunen uttalte ambisjonar for næringspolitikk i kommunen. Det sentrale dokumentet er utdatert. Dette meinar Venstre er uakseptabelt! At dei store partia i kommunestyret – Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet – ikkje synast det er viktig å ajourføre planen som legg rammene for nyskaping av næringsliv i kommunen, er uforståeleg!

Kva foreslo Venstre då?
Anne-Jorunn svarar: – Ajourføring av strategisk næringsplan i samband med rullering av kommuneplanen 2011-2022. Dette forslaget sanka støtte hjå Krf og Høgre, men resten såg diverre ikkje fordelen med å ha ambisjonar for bygda.

Kvifor meinar Venstre at me treng ein strategisk næringsplan?
Når det blir etablert arbeidsgrupper som skal jobbe med kommuneplanen, så meinar Venstre at ein samtidig bør ajourføra næringsplan og byrje å føre ein dialog med næringslivet.

Kvifor meinar Venstre dette er så viktig?

Ein må jo satsa på nyskaping innanfor næringslivet! Voss har mista arbeidsplassar over lang tid gjennom rasjonaliseringsprosessar mellom anna hjå Posten, jernbanen og forsvaret. Det har også vore nedgang i industri og landbruk. Ved hjelp av ein plan og gjennom dialog med næringslivet kunne ein ha jobba vidare med ambisjonar og konkrete tiltak. Dette kunne ført kommunen på offensiven, i staden har fleirtalet i kommunestyret vedtatt fleire år på defensiven utan uttalte ambisjonar for næringsutvikling. Me må altså vente på resultata til arbeidet med kommuneplanen er avslutta. Venstre beklagar denne utviklinga.

Venstre har uttalte ambisjonar om at det skal vere like lett å starte si eiga bedrift som å søkje jobb hjå andre. – Me må støtte opp om dei sjølvstendig næringsdrivande og næringslivet elles, avsluttar Anne-Jorunn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**