I debatten handlar det om å finne fornuftige avvegingar for å la folk glede seg, og for å føre ein ansvarleg sosialpolitikk. Internasjonal forsking, referert i Hans Olav Fekjærs standardverk "Rus" viser dokumenterte fæle erfaringar med forsøk på frislepp av alkoholsal og skjenketider.
Motsatt viser erfaringane med reduserte skjenketider positive effektar. La oss vere ansvarlege sosialpolitikarar her, la oss prioritere omsynet til barna, la oss prioritere arbeidsliv og skole på dagtid.
Noen seier det einaste det handlar om er informasjon og informasjon. Men det held ikkje. Vi hugsar røykeloven og skremselpropagandaen da den blei innført. Men den virka. Det blir røyka mindre. Vi må ha ein kombinasjon mellom informasjon og klare grenser.
Derfor fremmer eg eit forslag eg vil ha opp til prøveavstemming. Det er på linje med byar som Haugesund og faktisk mindre restriktivt enn turistland enn Hellas, og eg ber om prøveavstemming på forslag om å redusere skjenketidene til kl 0100 for øl og vin og til 0030 for brennevin.
Jan Kløvstads forslag fekk 8 stemmer, og fall.
I avstemminga vidare var det 21 som stemte for å halde på åpningstidene til kl 0200 heile året, mens mindretalet ville ha ein time lengre åpningstid i juli.
Det blei også vedtatt å arbeide for ein ekstra droosjehaldeplass ytterst på Langbrygga.
Les også i Arendals Tidende.