Skolar og sosial profil i Arendalsbudsjettet

Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Venstre og Senterpartiet legg fram dette forslaget til budsjett og handlingsplan for Arendal:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vi prioriterer
1.Utbygging av Stuenes skole med byggestart i 2011 og Roligheten i 2013
2.Ein klar sosial profil med auka sosialhjelpsatsar, vidare satsing på vellykka
kvalifiseringsprogram og systematisk
kvalitetsarbeid i skole og barnehage
3. Offensiv satsing for å styrke
inntektsgrunnlaget
4. Nært samarbeid med og respekt for det
frivillige Arendal

Om investeringsprofilen
Stuenes skole skal få førsteprioritet med planlagt
byggestart hausten 2011, med Roligheten som nr. 2. Vi
vil oppnemne ei politisk styringsgruppe som saman med
rådmannen vil organisere arbeidet og finne gode
løysingar. Planskisse bør vere klar innan sommaren
2010.
Bygging av storhall i Myra blir avklart saman med
fylkeskommunen og private interesser. Foreløpig tar vi
denne idrettsinvesteringa ut av budsjettet.

Utgiftene til trafikksikkerhetsarbeid blir auka med kr
200.000 , slik at det blir 500 000 kvart år til dette
formålet.
Rådmannen blir bedt om utgreiing om nytt bygg for
krisesenteret, ikkje-kommunal finansiering av ny
brannstasjon og AMK-sentral, evnt samlokalisert med ny
politistasjon.
Rådmannen blir bedt om utgreiing om sal av kommunale
eigedomar.
Vi vil synleggjere Demensplan 2015 i handlingsprogrammet
Vi sluttar oss til forslaget om at alle investeringar i
kunnskapshavna skal skje i privat regi
I perioden prioriterer vi tilskot til kunstgrasbane på
Rykene

Drift
Det er og blir eit stramt budsjett. Budsjettet
er utfordrande å behandle politisk, fordi det
er mange forventningar det ikkje er plass til.
Det blir ei stram linje i 2010.
Vi foreslår i år berre mindre endringar i
rådmannens forslag, endringar som tilsvarer
kr 3,4 mill

Helse og omsorg
— Omfanget av årsverk i omsorgssektoren neste år
blir vidareført på dagens stramme nivå, tilsvarande
om lag 813 årsverk. Dette er same nivå som i
november 2009, men vesentleg lågare enn ønskeleg.
— Barnevernet blir styrka med kr 500 000.
— For å oppretthalde nivå på tjenestene innan
barnefysioterapi foreslår vi kr 350 000 til kjøp av
fysioterapitjenester i budsjettet for 2010.

"Velkommen til fellesskapet" må fortsette. Krav til
inntjening må vere realistisk. Bystyret ber om ei eiga sak
her.
Det er viktig å styrke kampen mot fattigdom.
Sosialhjelpsatsane blir auka med 1,5 mill for å betre
levekåra i kommunen. Vi har ikkje funne rom for å heve
satsane til tilrådd 2010-nivå. Nivået på sosialhjelpsatsen
blir justert opp til 2009-nivå. Det er bra om
kvalifiseringsprogrammet kan få enda fleire deltakarar.
Samhandlingsreformen må fullfinansierast av regjeringa.
Kommunen har fått 1,9 til å førebu reformen. Vi synleggjer
500.000 av desse pengane, resten må brukast til løpande drift.

Oppvekst
– Rådmannens forslag, saman med vårt forslag til
investeringsprofil, gjer skolane til ein budsjettvinnar.
– Kvalitetsarbeidet i skole og barnehage blir ytterlegare
prioritert etter at vi fekk på plass oppvekstsjef i 2009.
– Bystyret forventar fullt fokus på Arendalsmodellen og at
styringsindikatorar kjem på plass.
– Vi vil sørge for forutsigbare forhold for utbetaling til dei
private barnehagane.
– Det er viktig å oppretthalde et høgt tal
lærlingar/lærekandidatar, særleg i helsefag.

Kultur, miljø og næring
Vi vil oppretthalde Eydehavn bibliotekfilial.
I 2010 tilskot kr 1,3 mill til kunstgrasbane på Rykene og kr
1,3 mill til Musikkens Hule for fire korps.
Som målretta klimasatsing løyver vi kr 250.000 til eit
klimaprosjekt i Rezekne. Fylkeskommunen blir utfordra til
å gi tilsvarande. Det blir innleia samarbeid med relevante
fagmiljø.
Kjæmpestaden får overført kr 180 000 frå Nordisk
Informasjonskontor, teknisk overføring av
prosjektleiarstilling.

Sørnorsk filmsenter får kr 70.000 meir, for å
fremme filmfagleg aktivitet i regionen.
Vi ber om eiga sak om framtidig satsing på utbygging
av Aust-Agder Kulturhistoriske Senter når statlege
føringar er klare våren eller hausten 2010.
Vi ber rådmannen ta initiativ til at vi sel alle våre
aksjar i Agder teater, og vi vil satse meir på Arendal
kulturhus. Kristiansand styrkar landsdelen med Kilden,
Arendal med Arendal kulturhus.

Administrasjon
Arendal kommune brukar mykje pengar på IKT. Vi ber
rådmannen synleggjere gevinstane for kommunen til nå
og framover. Vi forventar effektiviseringsgevinst kr 2
mill.
I 2010 er det viktig med stort fokus på betre
forvaltning av kommunale bygg og eigedomar.
Hardt arbeid for å få ned sjukefråveret.
Halde trykk på måla i heiltid/deltidsarbeidet.
Opprette ei stilling med spisskompetanse i å få tak i
eksterne midlar. Ekstern utlysing.

Eigedomsskatt

Vi følgjer rådmannens intensjon om å få inn
80 mill kr i eigedomsskatt for å
oppretthalde tjenestenivået i dei to
største sektorane våre, omsorg og
oppvekst.
Vi gir fritak for bygg eigd av frivillige lag
og foreningar, § 7 i eigedomskattelova.

Drift 2010
Auka inntekter/reduserte utgifter:
IKT, effektivisering 1.970
Redusert overføring til investeringsbudsjettet 2.000
Prosjektinntekter 500
Nordisk informasjonskontor, overføre prosjektstilling 180
Sum 4.650

Drift auka utgifter 2010
Barnevern 500
Fysioterapitjenester 350
Sosialhjelp 1.500
Klimasamarbeid Rezekne 250
Kjæmpestaden 180
Sørnorsk filmsenter 70
Samhandlingsreformen 500
Tilskudd til Rygene IL, kunstgras 1.300
Sum 4.650

Investeringar 2010 2011 2012 2013

Musikkens hule 1.300
Demensplan 1.000 20.000 20.000
Stuenes 1.000 20.000 60.000
Roligheten 500 500 20.000
Trafikksikkerhet 200 200 200 200
Idrettsparken (utgår, eiga sak) -50.000 -130.000 -90.000
Sum -47.500 -108.300 -9.300 +40.200

Oppsummert hovudgrep
Driftsbudsjettet er stramt og vi ber
innbyggarar og medarbeidarar om samarbeid
for å lykkast i 2010.
Dei moderate endringene vi har gjort på
driftssida har ein sosial profil
Alle skal få nødvendig helsehjelp og verdig
omsorg
Investeringsmessig prioriterer vi Stuenes og
Roligheten
Rygene IL får tilskot til anlegg
Vi bygger Musikkens hule 2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**