Legg ned Bufetat

Før Bufetat utviklar meir statleg byråkrati, bør oppgåvene overførast til kommunane. Venstre fremja forslag om dette i Stortinget no i haust.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Gjennom fleire artiklar og på leiarplass har BT skrive om eit barnevern i krise. Ære vere BT for det. Ein fersk Fafo-rapport viser at det kommunale barnevernet opplever samarbeidet med det statlege Bufetat som vanskeleg og byråkratiserande.

Barn

Riksrevisjonen avdekkar at tidsfristane i barnevernlova vart brotne i 89% av sakene i 2008. Trass i at dei tilsette i barnevernet ofte jobbar langt utover det dei skal. Slik kan det ikkje fortsetja. Kvart barn som ikkje får god nok hjelp, er eitt for mykje.

Eit barnevern som ikkje maktar å gje barn den hjelpa dei treng, er resultat av politiske og organisatoriske val. Barnevernsreforma i 2004 hadde gode intensjonar, men ein er ikkje nær målet. Det krev eit kommunalt barnvern med nok ressursar og kompetanse.

Terje Breivik

Før Bufetat utviklar meir statleg byråkrati, bør oppgåvene overførast til kommunane. Venstre fremja forslag om dette i Stortinget no i haust. Ballen ligg no hjå regjeringa. Ein barndom kan ikkje setjast på vent.

Terje Breivik,
Generalsekretær Venstre

Innlegget sto på trykk i BT 6.11.09

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**