Både de Ruiter og Godskesen kan ta initiativ sjølve, slik alle dei andre i samferdslekomiteen og elles på Stortinget gjer. Dei kan ha eigne høyringar i Oslo for alle som vil diskutere E18 og annan samferdsle i sør, dei kan ha åpne møte på Stortinget, dei kan arrangere seminar saman med Aksjonen for bedre stamveg på Sørlandet og Jernbaneforum Sør. Det er MANGE ting medlemer i samferdslekomiteen på Stortinget kan gjere, og som altså det er vanleg at dei fleste medlemene i komiteen gjer, for å sette søkelys på og fremme saker frå landsdelen sin.
Vi veit at aksjonen med fleire hundre menneske med nummerskilt ved kvar einaste avkjørsel mellom Arendal og Tvedestrand 12. mars 2008 vakte oppsikt langt inn i Stortinget. Vi veit at mange har snakka om den aksjonen i fleire parti. Fleire hundre menneske la ei lissepasning på foten til dei to som nå sit i samferdslekomiteen. Nå må de Ruiter og Godskesen ta ballen, spele saman med alle gode krefter i landsdelen og SOM STORTINGSREPRESENTANTAR vere dei som frontar saka i Stortinget, – i eigne møte, i høyringar, i debattar, i BUDSJETTBEHANDLING og praktisk arbeid.
Vi skal fortsatt stille opp, ver sikker.
Det handlar om vilje.