Sikker retur av utgåtte plantevernmidlar

Tilgangen på plantevernmidlar er eit emne som må behandlast politisk på nasjonalt nivå, men det er ei viktig sak der ein også kan gjera ein innsats lokalt: Sikker retur av utgåtte plantevernmidlar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Ei av dei store utfordringane norske gardbrukarar har måtta leva med dei siste åra er stadige reduksjonar i talet på tilgjengelege plantevernmidlar og aukande prisar samstundes som produktprisen står i ro. Hagebruksproduksjonane, m.a. fruktdyrkinga, er produksjonar der det er forholdsvis stor trong for planteverntiltak i høve til til dømes grasproduksjon, sjølv om dyrkarane naturlegvis ikkje sprøyter meir enn naudsynt.

Plantevernmidlar vert godkjente for 5 år om gangen. Etter denne perioden må importøren søkja om ny godkjenning. Dersom middelet ikkje får fornya godkjenning, t.d. grunna negative verknader på helse og miljø, eller fordi det ikkje vert søkt fornya grunna for lite inntektspotensiale i den norske marknaden, vert middelet fasa ut over ein treårsperiode. Det er såleis ofte mogeleg å bruka opp eventuelle restar på ein lovleg måte, men ikkje alltid!

For få år sidan mista Euparen M (Tolylfluanid), eit mykje brukt soppmiddel både i kjernefrukt og steinfrukt, godkjenninga nærmast over natta etter at tyske funn viste at det kunne dannast kreftframkallande forbindelsar dersom eit av nedbrytingsprodukta av middelet vart vaska ut, og vatnet deretter vart sendt gjennom eit renseanlegg som nytta ozon til vassrensing. Neste år er siste bruksår for eit anna viktig soppmiddel i kjernefrukt, Candit (kreoksimmetyl). Dette har gått gjennom ein vanleg utfasingsperiode, men det er eit middel der doseringa i eple ikkje er høgare enn 15 g pr. 100 liter ved normalkonsentrasjon. Pakningane som er i handelen inneheld 500 gram. Når det berre vert sprøytt etter behov seier det seg sjølv at det står ein del unytta middel i plantevernskåpa rundt på gardane.

Utgåtte plantevernmidlar er spesialavfall, og dyrkarane må difor betala for å levera desse til godkjende mottak. Det kan kjennast urettvist når ein først har betalt dyrt for midlane, for så å oppleva at godkjenninga forsvinn kort tid seinare. Ein pakke med 500 g Candit kosta sist det var i salg NOK 1176,- (NOK 2352,- pr. kg) ein 1 kg pakning Euparen M 283,50. Mykje av prisen er avgifter til staten. Mykje plantevernmidlar vert ståande bakerst i skåpet, noko som er uheldig både med faren for utslepp og med tanke på ein dyrkar kan koma til å nytta eit ulovleg middel i vanvare (Dei færraste som tek over gardsbruk i Ullensvang i dag har landbruksutdanning.).

Høgre har tidlegare reist spørsmålet om Ullensvang Herad kan sponsa innlevering av gamle plantevernmidlar, men lite har skjedd. Ullensvang Venstre vil difor ta opp spørsmålet på nytt. I eit viktig fruktdyrkingsdistrikt som Hardanger vil eit slikt tiltak både kunna gje ein stor miljøgevinst og hjelpa ei viktig næring som opplever eit sterkt økonomisk press. Så til spørsmålet: Kan Ordføraren ta dette opp som ei sak og gjera noko med det slik at me får fortgang i ei løysing som alle er tent med.

Helsing

Ullensvang Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**