Det var spennande og farleg i Polen frå om lag 1980 til Berlinmuren blei åpna 9. november 1989. Før det hadde det også vore farleg, for alle dei som ville leve eit heilt normalt liv i demokrati og fridom.
Lech Walesa blei fagforeiningsleiar, president i Polen og nå medlem i Europaparlamentet der han kjempar aktivt for å få størst mogleg støtte for å utvikle EU vidare. I 1982 kunne Agderposten og Tvedestrandsposten vise bilde av ein av sønene til Danuta og Lech Walesa, – med ein genser det stod "Lyngmyr skole, Tvedestrand" på.
Aksjon Polens venner
Hausten 1981 var vi ei gruppe som starta Aksjon Polens venner for å forsøke å sende mat, medisiner og klær til folk som sulta, som mangla mat, som mangla medisinar, som mangla stort sett alt bortsett frå politi, militære, kommunistpartiet og billig vodka. Kvar vaksen polakk hadde i månadskvote på 1,5 kg kjøt. I dag er det stort produksjonsoverskot, og landbruket forhandlar med energiverka om å levere korn til energiproduksjon. Den første trailarlasta hadde vi sendt av garde 5. desember, og dei kom tilbake like før det blei unntakstilstand i Polen.
Sovjetisk intervensjon ?
Eg var med den andre trailaren frå Aust-Agder til Szcecin heilt nordvest i Polen. Tor Borgen, Eivind og Olav Bratteland og eg reiste 2. juledag 1981 med to trailarar. Vi reiste midt i unntakstilstanden, i håp om at det ville vere rolegare i sjølve julehøgtida. Men mens vi var av garde hadde Agderposten to typer oppslag om Polen, ofte på førstesida. Den eine typen oppslag var å følgje "ekspedisjonen" vår frå dag til dag, dei andre oppslaga hadde overskrifter som "Militærstyrker på kjøttjakt", "-Faren for en direkte sovjetisk intervensjon kan derfor være større nå , sier USAs utenriksminister", "Utrenskninger er i full gang i Polen", "1100 streikende gruvearbeidere innestengt i gruvene" og "Harde fengselstraffer for medlemmer av Solidaritet".
Vi var spente. Ville vi kome inn i Polen, eller var landet heilt stengt? I trailarane hadde vi, for å sitere Agderposten 28. desember 1981: "Flere tusen penicillintabletter og vitaminpiller, flere hundre sprøyter og operasjonshansker, flere tusen steriliserte bandasjer. Av matvarer 2 tonn margarin, 800 kg tørrmelk, 400 kg buljong, 50 kg hermetisk makrell, 50 kasser hermetisk kjøtt og 30 kasser leverpostei. Det er også funnet plass til 20 000 fyrstikkesker, 5000 sunlightsåper, 3000 tuber tannkrem, 5000 pakker vaskepulver og 5000 toalettsåper." Resten av lasta var klær, samla inn av mange omsorgsfulle menneske i heile Aust-Agder. Heile lasta var på 35 tonn.
Undervegs blei førarhuset nærmast endevendt av tollarar, det var stadige tungt væpna kontrollpostar langs vegen til Szcecin. Men vi fekk lov til å køyre både til ei kyrkje i bydelen Pogod og ein barneheim. Der tømte vi alt vi hadde i trailarane saman med folk som arbeidde i kyrkja og i barneheimen. Matlageret i barneheimen var eit rom med ein del gamal hermetikk hist og her og elles tomme hyller. Vi lempa inn kasser med mat, og vi hadde også hatt såpass omtanke at vi hadde fått bytta ut noen kasser med tranflasker med tilsvarande mengder Sanasol. Vi trur ungane sette pris på det byttet. Tollarane og politiet i Swinoujscie ville nekte meg å fotografere, men vi blei til slutt samde om at eg kunne få ta inntil 14 bilde og berre vise dei fram i lukka møte i Polens venner. Eg tok mange fleire bilde. Eg gøymte filmane i underbuksa og gjekk til tollaren ved utreise og viste fram fotoapparatet der tellaren viste at eg hadde tatt 14 bilde på turen. Han lot som han trudde på meg.
Meir enn 20 trailarar blei sendt her frå fylket mellom desember 1981 og to-tre år framover. Den polske ambassadøren spurte diskret om vi kunne ta med pakker til familien hans: "Også dei manglar mat og klede", sa ambassadøren til meg. Fleire polske flyktningar kom hit og busette seg her.
Det frie og demokratiske Polen
Nå har eg vore tilbake i Polen. Eg har sett Gdansk, Gdynia og Sopot (der Putin og Merkel i september mintest starten på andre verdskrigen, og Lillegaards Trad Band og Inger Marie Gundersen har hatt konsertar nyleg). Dette området fekk fleire trailarlaster frå Aust-Agder i 1982. Nå møtte vi velfylte butikkar med stort vareutval, nyrestaurerte og nybygde hus, internasjonale butikkjeder, eit fantastisk badeland, museer, fleire monument til minne om kampen mot kommunismen, bokhandlar, film- og platebutikkar som fritt kan formidle det frie ordet og den frie musikken.
Dei gamle helsefarlege grå blokkene med gjennomtrekk og fukt er/blir erstatta med nye bygg med variasjon i fargar, høgder og takvinklar. Det historiske bysenteret i Gdansk er gjenreist etter at 90% av det var bomba like ille som Dresden. Visst er det problem i Polen i dag også. Men det er Polen ikkje Norge som har sett seg råd til å hjelpe Island med støtte og lån i desse finanskrisetider.
2. verdskrig starta ved tysk angrep på Gdansk. Den avgjerande starten for kampen for eit fritt samfunn utan kommunisme og Berlinmur starta i og ved Leninverftet. Der kan vi nå sjå minnesmerke og utstillingar, og også kunne glede oss over at Lech Walesa seier at Nobelprisen i 1983 var heilt avgjerande for at Solidaritet makta å stå løpet ut. 9. november er det 20 år sidan Berlinmuren fall. Det er grunn til å sende ein særleg takk til polakkane.