Kulturpolitikk fråverande i Voss?

I eit brev i slutten av september bad Voss Venstre leiaren i kulturutvalet i Voss om at utvalet måtte ta ein generell debatt om hovudelementa i kulturpolitikken framover. Venstre meinte eit notat frå eit kulturmøte i vår kunne vera eit godt utgangspunkt. Etter ei purring, kom svaret om at ho ikkje såg dette nødvendig. Dette kjem fram i info.brevet for oktober frå Voss Venstre. Utdrag elles:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


INFO.BREV 9/09
I info.brevet for sept. orienterte vi om eit brev til leiar i Utval for miljø og kultur (MKU), med kopi til gruppeleiarane, der vi bad om at MKU måtte ta ei generell drøfting av hovudelementa i den kommunale kulturpolitikken framover. Det kom ingen reaksjon. Etter ei purring i slutten av okt. svara leiaren i MKU; Rigmor Skeie Petersen, at ho oppfatta brevet som "eit innspel" som det ikkje trongst svarast på, og at "MKU har drøfta, og kjem til å drøfta, dette temaet framover". Dvs. at ho som leiar ikkje vil ta noko inititativ til ein slik samla debatt i utvalet..

Gruppa og styret har elles drøfta korleis det kan bli meir debatt om, og ein meir aktiv næringspolitikk i kommunen. Knut Olav Nestås hadde ein interpellasjon i kommunestyret den 15.okt. om ordføraren ville jobba for stipend til gründerar. Ikkje direkte nei —V må ta det opp med andre gruppeleiarar. Elles er særleg ulike former for ope næringsmøte/miniseminar drøfta. I gruppe-/styremøtet 03.11. tok Jostein Vandaskog, Geir Inge Kvitne og Anne Jorun Ryum Møen på seg å arbeida vidare med dette. (Eit notat om emnet er tilgjengeleg — kontakt Torstein Gunnarson.)

Knut Olav Nestås, Anne Jorunn Ryum Møen og Torstein Gunnarson var tilstades på eit vellykka regionmøte for Venstre i Hardanger/Voss i Ulvik 17.okt., og T.Gunnarson på ein landskonferanse på Gardermoen 24.-25.okt.. Ta kontakt om du ønskjer eit notat frå desse!

Kommunestyret hadde møte 15.okt., der reguleringsplanen for Skjerve, dvs. for ny skytebane, tok lengste tida, og særleg om kor mykje feltskytebanen skulle kunna nyttast. Til slutt samla alle partia seg, unntatt Raudt, om eit fellesforslag med m.a. sterke avgrensingar i bruk av feltskytebanen. Revisjon av eit par punkt i ruspolitisk handlingsplan tok også tid. Venstre stemte for at uteservering av alkohol i prinsippet berre skal skje fram til kl.23.00.

Elles nærmar budsjettet for 2010 seg! Formannskap pluss KrF-repr. og hovudtillitsvalde hadde budsjettseminar 22.-23. okt. Så langt manglar kommunen ca. 35 mill (- det meste på mange år ) på å få eit budsjett på 09-nivå i balanse! Innføring av eigedomsskatt også for resten av kommunen blir eit sentralt spørsmål! Neste runde går i FPL-møte torsdag 05.nov..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**