Som Hordaland skreiv 22. oktober vurderar Jernbaneverket nedlegging av heile 22 stasjonar mellom Finse og Bergen.
– Jerbaneverket gjer jobben sin, regjeringa sviktar fullstendig, fortset Breivik. Hadde det vore eit minimum av vilje i regjeringa, er det null problem gjennom direktiv å pålegga Jernbaneverket at drifta av linjenettet skal inkludera eksisterande stasjonar. Å passivt tillata nedleggingar på ei så viktig jernbanstrekka som Vossabanen rerpresenterar, er med respekt å melda å gå baklengs inn i framtida, seier Breivik.
– Det bør vera rimeleg enkelt å oppretthalda alle stasjonane gjennom ein kombinasjon av perrongutvidingar på dei mest trafikkerte stadane og eit lukkesystem på vognene som berre tillet opne dører på vognene som er tilgjengelege frå perrongen. Det vil ikkje kosta all verda, hevdar Breivik.
– No har rett nok samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa gått ut og garantert at Jernbaneverket ikkje får legga ned dei totalt 64 stasjonane dei vurderar på landsplan. Kleppa svarar berre pinleg politisk korrekt, kommenterar Breivik. Ho lovar at talet ikkje vert 64, og har alt sitt på det turre om talet vert 63.
Inviterer Kleppa
– Eg og Venstre inviterar Kleppa til å kopiera satsinga Venstre har på Vossabanen og Bergensbanen, seier Breivik. I Venstre sitt alternative statsbudsjett har me prioritert knallhardt for å redusera reistida Bergen – Oslo til 4 timar innan 2020. For Vossabanen betyr det at ein kan reisa Voss – Bergen på omlag 40 – 45 minutt. Konkrete tiltak her vest er dobbelspor gjennom Ulriken, tunell mellom Takvam og Trengereid, langt fleire krysningsspor og kraftig auke i dei generelle vedlikehaldsmidlane på strekka.
Bedre service og kvalitet viktigst
– For ytterlegare å auka komforten og gjera det meir tillokkande å ta toget, har me lagt inn midlar som sikrar mobildekning langs heile strekka og andre fasilitetar for dei reisande, seier Breivik. – Venstre førelår og å konkurranseutsetja Vossabanen etter modell frå Gjøviksbanen, eit svært vellukka prosjekt. Anbodsrammen skal sikra einskapeleg takst, betre punktlegheit, betre service og betre kvalitet for passasjerane på heile strekningen, avsluttar Breivik.