Nasjonal Digital Læringsarena

13. oktober vart det halde fylkesting i Loen. Ei av sakene som vart handsama var saka om NDLA — Nasjonal Digital Læringsarena. I saksutgreiinga til saka kan ein lesa at: «NDLA er et interfylkeskommunalt fellestiltak som alle landets fylkeskommuner med unntak av Oslo så langt, har stilt seg bak. Prosjektet er et svar på utfordringen som Kunnskapsdepartementet (KD) ga fylkeskommunene i egen utlysing i 2006 på 50 millioner kroner til satsing på digitale læremidler (DLM). NDLA skal gjennom utvikling og kjøp av innhold, bidra til å nå KD sine målsetninger slik de fremkom i utlysingsteksten.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Datamus, hånd

Venstre vil ha kunnskap og kvalitet i skulen, det var difor naturleg at saka engasjerte fylkestingsgruppa. Marit Barsnes Krogsæter stilte ein del spørsmål til saka, dei fleste spørsmåla fekk ho ikkje svar på. I tillegg fremja ho fylkestingsgruppa sitt syn i saka. Ho sa mellom anna dette:

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Er det ei fylkeskommunal oppgåve å produsere læremiddel?

•Møter vi ikkje oss sjølv i døra når vi både skal produsere og samtidig ut og hente inn anbod på læremiddel.
•Forlaga og formidlarane av digitale ressursar på nett har 10—15 års prøving og feiling bak seg. Skal fylkeskommunen no finne opp krutet på nytt og til kva pris?
•Skal den offentlege skule bli eit B- lag, som må ta til takke med dei rimelegaste læremiddela, medan dei private skulane kan velje dei beste læremiddela som fins?
•Kva med dei elevane som ikkje har tilgang til nett heime eller på hybelen?

Hovudgrunnen til at NDLA er danna er å skaffe læremiddel i dei små fag og spare pengar.
Då er det litt rart at dei starta produksjon av digitale middel i store fag som norsk og naturfag, der det i dag er bra med læremiddel, både digitale og bøker. Her er det å spare pengar som er viktigast ser det ut som.

Venstre vil ha kunnskap og kvalitet i skulen. Vi vil ha fri konkurranse når det gjeld produksjon av læremiddel. Vi vil ikkje at elevane i den vidaregåande skule skal bruke digitale læremiddele fordi dei er billige og at nokon har bestemt at digitale læremiddel skal inn i skulen fort.

Teknologi, pc

Det er bra at alle elevar i 1. klasse på vidaregåande har fått tilgang på PC- i skulen, men elevane må ikkje bli tvinga til å bruke dårlege digitale hjelpemiddel fordi Fylkeskommunen skal spare pengar.
Venstre vil at elevane ha tilgang på dei beste læremiddela som fins. Det er kvalitet og kunnskap som er viktig, – om elevane får lærebøker, brukar nettet eller anna så er det mindre viktig. I dag får ein beste kvaliteten av ein kombinasjon mellom bøker og digitale hjelpemiddel. Inntil kvaliteten på digitale læremiddel er god nok bør alle elevane ha tilgang på lærebøker i alle fag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**