Innspela har vore mange, og det er me takknemlege for! Det er viktig å presisere at tanken bak denne interpellasjonen var nettopp debatt. Venstre har fått fleire innspel om at næringspolitikk er blitt nedprioritert i Voss Kommune dei siste åra. Dette tar me på alvor!
Me kjem til å fortsette med å sette fokus på aktuelle saker, samt søkje samarbeid med andre politiske parti for å få til kompromiss i budsjettsamanheng.
Interpellasjonen var formulert slik:
» Til Ordførar Lunde Aarvik:
Det er dagens idear som kan bli morgondagens arbeidsplassar. Din eigen arbeidsplass ti, femten år fram i tid kan endå vere på idéstadiet. Denne tenkinga må me gjere om til praksis, og stille med faglege og økonomiske ressursar. Gründere og sjølvstendig næringsdrivande har ofte problematiske tilhøve dei fyrste åra. Gode idear vert ofte ikkje anna enn idear om ikkje kapital er til rådigheit. Kvar einaste krone monnar.
Venstre ynskjer å vere tidleg ute med ei oppfordring til både Ordførar og kommunestyret; for me nærmar oss hektiske budsjett tider. Mogelegheita for å etablere stipendordningar for gründere bør utgreiast. Struktur og innhald kan me kome tilbake til. Fyrst og fremst ynskjer Venstre å setje fokus på temaet og starte dialogen mellom dei politiske partia, opposisjon og partia i posisjon.
Det er gode argumenter for andre løysingar enn det Venstre skisserer. Argumentasjon er Venstre opne for, men då er dialog ein føresetnad. Eit eksempel på motargument kan vere: Kommunen har kraftfondet som kan bidra ovanfor nye bedrifter. Men det er i den ideelle verda. Det sørgjelige faktum er: kraftfondet har ikkje økonomisk kapasitet til dette pr. i dag. Venstre ynskjer at kommunen skal forplikte seg med noko økonomisk støtte til nyskaping. Har ikkje kraftfondet økonomisk evne til å bidra må kommunen bidra!
I denne anledning ynskjer Venstre å stille Ordføraren to sentrale spørsmål:
1. Kan Ordføraren tenke seg å samarbeide med Venstre(og andre) for å realisere støtteordningar for gründere i neste budsjett?
2. Kva vil Ordføraren gjere for gründere og sjølvstendig næringsdrivande ut perioden?
Knut Olav Nestås
Leiar, Voss Venstre »
Har du tankar om dette? Kontakt meg gjerne. Mail adressa mi er [email protected]
Med beste helsing
Knut Olav Nestås
Voss Venstre