– Vi bør lære av Vest-Agder og støtte kulturbygg i heile fylket

– Fylkeskommunen har laga ein god plan for idrett, friluftsliv, folkehelse og kulturbygg, men det manglar noe vesentleg om støtte til lokale og regionale kulturbygg, sa Venstres Jan Kløvstad, som i debatten om høringsfråsegn for forslaget til fylkesdelplan

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


foreslo at Aust-Agder fylkeskommune bør lære av Vest-Agder og engasjere seg i kulturbygg i fylket. Vest-Agder fylkeskommune gir støtte til kulturbygg over heile fylket.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Jan Kløvstad viste også til at det er ønske om å likestille anlegg for kultur og idrett, fordi mange barn og unge spelar fotball ein kveld, spelar musikk eller teater neste kveld og trener friidrett tredje kvelden. Da bør vi som samfunn behandle ungane likeverdige kvar kveld, sa han. Han viste til at det i åra 2006-2009 er bevilga berre 1 654 000 i spelemidlar til kulturbygg og 29 047 000 til idrettsanlegg i Aust- Agder, trass i at heile 75% av spelemiddelinntektene kjem frå andre spel enn dei idrettsrelaterte.

Arbeidarpartiets Nils Johannes Nilsen foreslo at Aust-Agder fylkeskommune gir 20% til kulturbygg i fylket, og dette blei vedtatt mot Frps stemmer etter at Venstre fekk med tillegget «20 % til både investering og drift», for å sikre at fylkeskommunen er med også etter at bygga står ferdige.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**