– Vi har ein like dårleg, eller enda dårlegare kommuneøkonomi, enn i kriseåret 1999. Og i årets valkamp har særleg dagens regjeringsparti slengt rundt seg med dyre løfter på dei områda kommunane har ansvar for. Rett nok kjem det nå 2 milliardar kroner meir enn i 2009, men kommunane har samtidig fått pålegg om langt større utgifter.
– Det er blitt dyrare å vere fattig i Norge dei siste 4-5 åra, fleire er blitt arbeidsledige og særleg har dette ramma ungdom og innvandrarar, kan vi lese i rapporten frå NAV. Vi må bruke denne situasjonen til å gjere både unge og innvandrarar i stand til å gjere meir nytte for seg i arbeidslivet, mellom anna bør vi auke tal timar frå dei 300 timane i norsk og samfunnskunnskap til langt meir. Forfattaren Amal Aden har foreslått 3000 timar, og det er kanskje i overkant i den økonomiske situasjonen vi er i. Men betydeleg løft er nødvendig.
– Bystyremedlemene vil hugse at Venstre fekk med seg heile bystyret på eit vedtak om at tertialrapporten skal gi tal for utvikling av stillingsprosentane i kommunen etter at prosjekttida var over. Tre av omsorgseiningane har rapportert, og i alle tre ser vi at det er blitt fleire med stillingsprosentar under 40 enn vi har som mål. Målet vårt er at vi skal under 15%, mens dei tre einingane har 19,4%, 22,4 og 22,5%. Dette er alvorleg, fordi det svekkar likestillingsarbeidet og levekåra i kommunen, og det gjer kommunen mindre attraktiv som arbeidsplass. Vi må framstå som attraktive både for dei unge her i distriktet som utdannar seg til arbeid i helse- og omsorgssektoren og til dei som kan tenke seg å flytte hit.
– Det siste punktet Venstre vil ta opp er skolane. Vi saknar engasjementet frå mange foreldre for innhaldet i skolen, for kvaliteten i det ungane får i skolen. Vi har stort engasjement kvar gong skolestruktur blir diskutert. Men her ser vi at berre to skolar i heile kommunen har større svarprosent enn den målsettinga vi har, på smålåtne 40%. Ved Rykene skole er det berre 10,9% av foreldra som har svart på foreldreundersøkelsen. Dette er alvorlege tal, som vi må ta som eit alvorleg signal om at foreldra ved denne skolen ikkje er nok opptatt av kvaliteten i skolen. På den andre sida vil eg rose Rykene skole for berre 3% sjukefråver blant dei tilsette, men foreldra ved skolen ser altså ut til å vere altfor lite interesserte i ungane sine. Eydehavn og Nesheim skolar er dei einaste skolane som har større svarprosent enn målet på 40%, Nesheim oppe på 48,9%.
Foreldra må i langt større grad engasjere seg i innhald og kvalitet, først da kan vi lytte nøye til kva dei same foreldra seier også i debattar som handar om skolestruktur, sa Jan Kløvstad på vegner av Venstres bystyregruppe.
Les heile tertialrapporten her.