– Rådmannen og heile bystyret har trudd at pengar og anleggsmaskiner står klare når Vegvesenet har laga ferdig gang- og sykkelveg frå Goderstadsletta til Haslestad og Bjørknes ved kommunegrensa. Vegvesenet reknar med å vere ferdig i juni eller juli 2010, og eg ber ordføraren fortsette å legge press på Vegvesenet for at både plan og praktisk anleggsarbeid kan kome igang seinast sommaren 2010. Det manglar 26 millionar kroner pluss prisen for å rette ut to farlege svingar ved Haslestad (bildet). Vi må nå gjere alt vi kan for å få desse pengane inn på statsbudsjettet for 2010, eller seinast i tilleggsløyvingane i Stortinget i mai 2010, sa Jan Kløvstad i kveldens bystyremøte.
Vi kan ikkje finne oss i at ungane langs denne delen av E18 ikkje kan gå eller sykle til kameratar eller fritidsaktivitetar, sa han.