Fire nye dårlege år for personvernet?

Personvernet er ein av rettane som på dei aller fleste samfunnsområde har blitt skvisa av raudgrønt fleirtal sidan 2005. Vi har ikkje råd til at dei neste fire åra blir like ille, skriv Lars-Henrik Paarup Michelsen i VG idag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Svensk teleovervaking

Personvern satellit

Den svenske FRA-lova trådde i kraft 1. januar. Lova gjer det svenskstatlege organet Försvarets Radioanstalt (FRA) tilgang til å overvake all teletrafikk som kryssar Sveriges grenser — utan at det ligg føre konkret mistanke.

I følgje den internasjonale juristkommisjonens norske avdeling strir FRA-lova mot menneskerettane, men den norske regjeringa har ikkje gjort nokon ting for å stoppe skadeverknadene for norske borgarar.

PC

Datalagringsdirektivet
EUs datalagringsdirektiv pålegg tele- og nettselskapa å lagre trafikkdata om din og min elektroniske kommunikasjon i tilfelle vi gjer noko kriminelt i framtida.

Direktivet bryt med retten til privat korrespondanse som er nedfelt i artikkel 8 i den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Etter fire år med Soria Moria I er forventningane til oppfølgjaren svært små, men eit liberalt innspel til forhandlingane har eg: Få inn i plattforma at de vil gjennomføre tiltaka som personvernkommisjonen leverte tidlegare i år. Vis at fleirtalet kan brukast til noko viktig!

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Les hele innlegget på Borgar Michelsen

(Dette innlegget stod og på trykk som konikk i VG 7.oktober 2009.)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**