Venstre med 5,9% på ny meiningsmåling!

I Bergens Tidende får Venstre 5,9% på første meiningsmålinga etter valet, laurdag 3. oktober. Og nye medlemer kjem kvar dag. Dette er historisk nytt i Norge; det at eit parti som tapar i eit val gjer det betre ETTER valet. Bli med, du også!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Venstre mangla 3173 stemmer på å passere sperregrensa på 4% ved årets stortingsval.

Dersom sperregrensa hadde vore på 3,9, ville Venstre fått 7 representantar på Stortinget, av dei 5 utjevningsmandat. Blant anna hadde Vest-Agder fått sitt mandat.

I Hordaland mangla Venstre 338 stemmer på å ta eit direktemandat.

På meiningsmålinga i Bergens Tidende går Arbeidarpartiet tilbake om lag like mykje som Venstre går fram, og dette styrkar analysen av at mange Venstreveljarar stemte Arbeidarpartiet i frykt for at Høgtre og FrP skulle regjere saman. Kristeleg folkeparti slit på meiningsmålinga i Bergens Tidende, og er ned epå 4,9%. Dei andre partia har berre små endringar frå valresultatet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**