Kven skal leie Venstre vidare?

Lars Sponheim har meldt at han går av som leiar i Venstre. Kven skal leie Venstre vidare?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Eg sit i valnemnda for Venstre på landsplan, der også Unge Venstreleiar Anne Tørå Solsvik er med. Oppgåva vår er å kome med forslag om korleis den nye leiinga i Venstre skal sjå ut. Vi skal legge fram ei innstilling i januar, og første viktige dato nå er 1. november 2009. Innan den datoen vil vi ha forslag frå fylkeslag, lokallag og enkeltmedlemer til kven som bør ha dei fremste verva i organisasjonen vår. Fylkesstyret i Vest-Agder har møte 15. oktober og fylkesstyret i Aust-Agder 21. oktober.

Alle medlemer kan kome med forslag til kven som bør vere i alle verv, same kor i landet folk kjem frå. Send gjerne forslaga dine til meg [email protected] som valnemndsmedlem (og fylkessekretær for begge Agderfylka), med kopi til valnemndssekretær Morten A. Hagen ([email protected]), så skal eg sørge for at både fylkesstyra og valnemnda nasjonalt får forslaga. Om du vil at fylkesstyra skal drøfte forslaget DITT, er det klokast å sende forslaget før 15. oktober (Vest-Agder) og 21. oktober (Aust-Agder).

Det skal veljast
– leiar og to nestleiarar
– fire medlemer og fire varamedlemer til sentralstyret
– seks direktevalte medlemer til landsstyret (der også sentralstyret og fylkesleiarane er med).

Dagens sentralstyret står her og dagens landsstyre her.

I valnemnda er May-Britt Vihovde leiar. Meir om valnemnda her. Merk at det står der at det skal veljast 8 sentralstyremedlemer, men det er fire faste og fire varamedlemer det handlar om.

I Bergens Tidende laurdag 3. oktober hadde Venstre 5,9% i meiningsmålinga. Også dette stadfestar at vi mista veljarar på sjølve valdagen, og så kom dei tilbake dagen etterpå. Nå ser vi framover og gleder oss over alle nye medlemer. Vi skaper noe heilt nytt i norsk politisk historie, med 20% fleire medlemer veka etter eit valnederlag! I vala i 2011 og 2013 skal vi sørge for at vi BÅDE vinn vala og vinn nye medlemer.

Beste helsing

Jan Kløvstad
fylkessekretær i Aust- og Vest-Agder Venstre
medlem av valnemnda i Venstre

[email protected]
91 80 82 56

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**