Lars Sponheim har meldt at han går av som leiar i Venstre.
Eg sit i valnemnda for Venstre på landsplan, der også Unge Venstreleiar Anne Tørå Solsvik er med. Oppgåva vår er å kome med forslag om korleis den nye leiinga i Venstre skal sjå ut. Vi skal legge fram ei innstilling i januar, og første viktige dato nå er 1. november 2009. Innan den datoen vil vi ha forslag frå fylkeslag, lokallag og enkeltmedlemer til kven som bør ha dei fremste verva i organisasjonen vår. Fylkesstyret i Vest-Agder har møte 15. oktober og fylkesstyret i Aust-Agder 21. oktober.
Alle medlemer kan kome med forslag til kven som bør vere i alle verv, same kor i landet folk kjem frå. Send gjerne forslaga dine til meg [email protected] som valnemndsmedlem (og fylkessekretær for begge Agderfylka), med kopi til valnemndssekretær Morten A. Hagen ([email protected]), så skal eg sørge for at både fylkesstyra og valnemnda nasjonalt får forslaga. Om du vil at fylkesstyra skal drøfte forslaget DITT, er det klokast å sende forslaget før 15. oktober (Vest-Agder) og 21. oktober (Aust-Agder).
Det skal veljast
– leiar og to nestleiarar
– fire medlemer og fire varamedlemer til sentralstyret
– seks direktevalte medlemer til landsstyret (der også sentraltstyret og fylkesleiarane er med).
Dagens sentralstyret står her og dagens landsstyre her.
I valnemnda er May-Britt Vihovde leiar. Meir om valnemnda her. Merk at det står der at det skal veljast 8 sentralstyremedlemer, men det er fire faste og fire varamedlemer det handlar om.
Beste helsing
Jan Kløvstad
fylkessekretær i Aust- og Vest-Agder Venstre
medlem av valnemnda i Venstre
[email protected]
91 80 82 56