Hvem bør lede Venstre videre?

Er du medlem kan du være med å bestemme hvem som bør ha dei fremste verva i organisasjonen vår

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Oppgåva vår er å kome med forslag om korleis den nye leiinga i Venstre skal sjå ut. Vi skal legge fram ei innstilling i januar, og første viktige dato nå er 1. november 2009. Innan den datoen vil vi ha forslag frå fylkeslag, lokallag og enkeltmedlemer til kven som bør ha dei fremste verva i organisasjonen vår. Fylkesstyret i Vest-Agder har møte 15. oktober og fylkesstyret i Aust-Agder 21. oktober.

Alle medlemer kan kome med forslag til kven som bør vere i alle verv, same kor i landet folk kjem frå. Send gjerne forslaga dine til meg [email protected] som valnemndsmedlem (og fylkessekretær for begge Agderfylka), med kopi til valnemndssekretær Morten A. Hagen, så skal eg sørge for at både fylkesstyra og valnemnda nasjonalt får forslaga. Om du vil at fylkesstyra skal drøfte forslaget DITT, er det klokast å sende forslaget før 15. oktober (Vest-Agder) og 21. oktober (Aust-Agder).

Det skal veljast
– leiar og to nestleiarar
– fire medlemer og fire varamedlemer til sentralstyret
– seks direktevalte medlemer til landsstyret (der også sentraltstyret og fylkesleiarane er med).

Dagens sentralstyret står på https://www.venstre.no/sentralt/organisasjon/artikkel/328 og dagens landsstyre på https://www.venstre.no/sentralt/organisasjon/artikkel/329.

I valnemnda er May-Britt Vihovde leiar. Meir om valnemnda på https://www.venstre.no/sentralt/organisasjon/artikkel/23952/. Merk at det står der at det skal veljast 8 sentralstyremeldemer, men det er fire faste og fire varamedlemer det handlar om.

Jan Kløvstad

Foto: Marianne Drivdal

Beste helsing

Jan Kløvstad
fylkessekretær i Aust- og Vest-Agder Venstre
medlem av valnemnda i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**