Voss treng ein meir medviten og aktiv kulturpolitikk !

I eit brev til leiaren i Utval for miljø og kultur (MKU), med kopi til ordførar m.fl., oppfordrar Voss Venstre til eit meir aktiv debatt i utvalet om visjonar og konkrete målsetjingar for kulturpolitikken i Voss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


VOSS KOMMUNE SIN KULTURPOLITIKK FRAMOVER. 29.09.09
I Voss har vi mange gode kulturaktivitetar. Men kommunen manglar eit samla oversyn, og særleg (ein plan om) visjonar, konkrete målsetjingar og prioriteringar framover.

Rett nok har kommunen einskilde planar og målsetjingar som dekkjer delar av kulturtilbodet. Og vi finn kulturen i bygda som sentale element i andre planar, f.eks. kommunal reiselivsplan og Destinasjon Voss sine planar.

No vil det nye kulturhuset leggja visse føringar for den kommunale kulturpolitikken. Men det vil også krevja prioriteringar av mål og kommunale midlar. (M.a. i høve til budsjettet komande år.)

Voss Venstre ser det slik som svært viktig at vi får ein aktiv diskusjon om kva som skal vera hovudelementa i kommunen sin kulturpolitikk framover. MKU må sjølvsagt stå sentralt her.

Vedlagt følgjer eit notat frå eit opent møte, eit dialogmøte, som Voss Venstre arrangerte i mai om "Kulturbygda Voss — no og i framtida".

Vi vil føreslå at MKU nyttar dette notatet som utgangspunkt for ei generell drøfting av utfordringar og problemstillingar. Drøftinga kan så munna ut i ei opplisting av kva område utvalet ønskjer å gå nærmare inn i eller få nærmare utgreidd.

Vi minner elles om at Venstre i interpellasjon til MKU-møtet 11.09.08 føreslo at administrasjonen skulle leggja fram sak om korleis utarbeiding av ein kulturplan og etablering av eit Voss kulturråd kunne iverksetjast..

Med helsing
Torstein Gunnarson. gruppeleiar Anne Jorunn Ryum, medl. MKU

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**