Atomkraftanlegget Dounreay blir avvikla

– Du må gå vekk, det er forurensa område og ikkje trygt å vere her, sa politiet da eg stoppa på parkeringsplassen ved Dounreay, det store atomkraftanlegget heilt nord i Skottland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Av Jan Kløvstad, tidlegare leiar i Aksjonen Norge mot Dounreay, leiar i Arendal Venstre

Dounreay-anlegget

Foto: Dounreay Visitor Center

– Vi brukar 1,2 milliardar norske kroner i året for å avvikle atomkraftanlegget. 2000 menneske er tilsette for å rydde opp i og rundt anlegget og 1000 menneske arbeider i forsking her og andre stadar i Storbritannia. Avviklinga av atomkraftanlegget skal halde på fram til 2025, seier informasjonsleiar June Love i Dounreay Visitor Center i Thurso.

Alistair McLeod og Jan Kløvstad

Foto: Venstre

– Utan den støtta vi fekk frå Norge hadde vi aldri klart å stoppe eit farleg atomkraftanlegg, seier både tidlegare parlamentsmedlem og visestatsminister Jim Wallace og aksjonsleiarane Francis McKie og Alastair McLeod i CADE — Campaign Against Dounreay Expansion.

Kampanjen mot Dounreay

Jan Kløvstad foran Dounreay

Foto: Venstre

Det var ei underleg kjensle å stå utanfor den velkjente kuppelforma atomkraftreaktoren i Dounreay, ved kysten langs den aude skotske nordkysten så langt det er mogleg å kome vekk frå London. Eg var der også i 1986 og 1987, som leiar i Aksjonen Norge mot Dounreay. Venstre blei kontakta av atomkraftmotstandarar på Orknøyane via Jim Wallace, daverande medlem av det britiske parlamentet for Liberal Democrats.

Jim Wallace og Jan Kløvstad

Foto: Privat

Vi organiserte ein kampanje som viste seg å bli den første utanrikspolitiske saka i dei fleste norske kommunestyre. På initiativ frå Venstre sendte over 250 kommunestyre, samtlege 19 fylkesting, ei mengd med organisasjonar og 243 000 enkeltmenneske i Norge protestar til Margareth Thatcher. Høgdepunkta i protestane var den store høyringa i Thurso med solid atomkraftfagleg norsk kompetanse, pressekonferanse i det britiske underhuset og overlevering av underskrifter både i 10 Downing Street 20. februar 1987 og til ministeren for Skottland i Edinburgh noen månader seinare. Aldri hadde Norge hatt ein større miljøkampanje. Nordisk Råd, Lagtinget på Færøyane, islandske Alltinget, det grønlandske heimestyret og North Sea Liberal Group med parlamentsmedlemer og regjeringsmedlemer frå Venstres søsterparti rundt heile Nordsjøen slutta tropp.

Tilbake ved Dounreay

Jan Kløvstad på Dounreay Visitor Center

Foto: June Love

Nå var eg tilbake på Dounreay, eit skrekkens anlegg som har ført til ein uhyggeleg overrepresentasjon av blodkreft i regionen. Midt i småbyen Thurso er det oppretta eit eige informasjonskontor om kreft og atomkraft.

Kreftkontoret i Thurso

Foto: Jan Kløvstad

Ingen får lov til å bade på strendene, som nå er avstengte for at kvar kvadratcentimeter skal kontrollerast og alle spor av radioaktive partiklar bli fjerna. Dei første tiåra frå åpninga i 1957 gjekk mykje rett i havet frå Dounreay. Folket nord i Skottland har betalt prisen for dette.

Leiinga ved Dounreay forsikra heile tida at anlegget var trygt. Det var høgteknologi av fremste internasjonale klasse som skaffa meir enn 2000 jobbar i ein region med stor arbeidsløyse.

Dounreay-kuppelen i museumsutgåve

Foto: Jan Kløvstad

Dounreay var like viktig i Sutherland og Caithness fylke som Nitriden og Arendals Smelteverk for Eydehavn og Hunsfoss for Vennesla. Å innrømme at anlegget var livsfarleg både på kort og lang sikt, var ikkje lett. Men til slutt blei bevisbyrden for sterk, og den skotske regjeringa forlangte anlegget stengt.

Politiet viste meg bort
Politiet viste meg altså bort frå eit farleg og forureina område, utanfor det same atomkraftanlegget

Politiet viser bort

Foto: Privat

der Odd Einar Dørum og eg hadde lange møte og omvisningar med toppleiinga ein julidag i 1986, og der eg var med på å hente opp vatnprøver frå sjøen like utanfor året etter. Vi visste også om dei radioaktive partiklane som forskarane hadde funne og analysert på dei nærmaste strendene. Men alt blei blankt avvist frå leiinga på Dounreay, – den gongen. Nå må samfunnet bruke ufattelege 1,2 milliardar kroner kvart år i meir enn 30 år frå nedleggingsvedtaket midt på 1990-talet og foreløpig til 2025 for å fjerne den forureininga som alltid blei fornekta. Store summer stod på spel. Kvar gong vi besøkte Shetland, Orknøyane, Dounreay eller politiske miljø i Edinburgh og London frå 1986 til 1989 visste leiinga på Dounreay-anlegget i detalj kvar vi var og kva vi hadde sagt. Fylkesordføraren på Shetland var irritert over at dei var så langt av lei på Shetland at ingen utanom Shetland kunne lytte til BBC Shetland. To dagar etter at eg var intervjua av BBC Shetland, var eg på Dounreay og blei straks kritisert av visedirektøren som visste nøyaktig kva eg hadde sagt. Hadde eg sagt noe til ei norsk avis, visste Dounreay-leiinga det dagen etter.

Forsvarleg avvikling av livsfarleg industri
Men motstanden blei stadig større. Dokumentasjonen av forureining på kort og veldig, veldig lang sikt blei stadig vanskelegare å avvise. Nå satsar Dounreay på å vise veg i forsvarleg avvikling av livsfarleg industri, samtidig som det blir investert stort i fond som skal få fart i utbygging av fornybar energi. "Dounreay er leiande i verdsklasse i avvikling av atomkraft", skriv dagens direktør Simon Middlemas. Mens eg blei skjelt ut av Dounreayleiinga både i besøk på anlegget og i pressekonferanse på britiske ambassaden i Oslo på 1980-talet, har eg nå blitt bedt om å skrive skrive artiklar i "Dounreay News" utgitt av avviklingsorganisajsonen Nuclear Decommissioning Authority og Dounreay Visitor Center. Noen kilometer frå Dounreay såg eg dei første 8 vindmøller i ein stor vindmølle- og energipark. På Orknøyane er den nemnte tidlegare visestatsminister Jim Wallace medeigar i eit konsulentfirma

Vindkraft ved Dounreay

Foto: Privat

som arbeider med alternativ energi, med vind, sol og bølger. Alistair McLeod viser fram vikingskipet han fekk som gåve frå oss i 1987, og held fram arbeidet med å påverke politikarar. Ved Inverness sit Francis McKie og skriv på historia om den folkelege rørsla som velta det store atomkraftanlegget.

I Norge har noen romantiske og naive krefter begynt å snakke om atomkraft for å løyse CO2-problema og klimaendringane. FrP har atomkraft som partiets svar på CO2-utfordringa. Om atomkraft er så ufarleg som desse seier, kvifor er det da nødvendig å bruke om lag 40 milliardar kroner og 3000 menneske i meir enn 30 år for å forsøke å hindre vidare forureining frå Dounreay, sjølvaste flaggskipet i britisk høgteknologisk historie?

Dounreay og Sellafield er britiske eksempel på kor farleg dette er, og Tsjernobyl i april 1986 er grusomme bevis på kor farleg atomkraft er for natur, dyr — og for menneske som slit med sjukdom i fleire generasjonar.

Dounreay

Foto: Foto Dounreay Visitor Center

Faktarute
www.dounreay.com gir oppdatert informasjon om historia om Dounreay og avviklingsarbeidet. "Avvikling — rense og plukke frå kvarandre"
Dounreay Visitor Center i Thurso, [email protected] kan kontaktast for informasjon.
NDA Nuclear Decommissioning Authority www.nda.gov.uk har hovudansvaret for oppryddinga.
Aksjonen Norge mot Dounreay blei starta av Venstre I 1986, og Jan Kløvstad var leiar av aksjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**