– Kva kan vi gjere for å rydde i villnisset Stoa?

I formannskapsmøtet i dag spurte Venstres Jan Kløvstad om Arendal kommune kan gjere noe for å gjere roteområdet Stoa penare. Han viste til at Sørlandsparken og Sørlandssenteret er ryddig og godt planlagt i minste detalj, mens

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Stoa ser ut som eit forskrekkeleg rot som umogleg kan inspirere folk til å trivast i området. Det ser betre ut på det nye Stoa Vest, sa Jan Kløvstad, men resten av Stoa er ille. – Korleis kan vi som folkevalte gi inspirasjon til å få eit penare og reinare Stoa, spurte han.

Kommunalsjef Geir Skjæveland viste til eigedomsforholda og svak planlegging heilt frå etableringa av Stoa, og meinte at Arendal Næringsforening truleg er beste aktør i det vidare arbeidet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**