Klinkeleleia er ein god stad å bu, for fleire

– Klinkelelia på Saltrød er ein god plass å bu. Å bygge fleire hus her er heilt i tråd med kva einstemmige bystyre og kommuneplanutval har vedtatt: gangavstand til skole og barnehage, gangavstand til butikk og busshaldeplass, med kort rusletur til store skogsområde og til badeplass ved Tromøysund, sa Venstres Jan Kløvstad i planutvalet i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

I avstemminga fekk Venstre berre med seg Kristeleg folkeparti og Senterpartiet. Fleirtalet stemte for at det maksimalt kunne byggast tomannsbustad, der Venstre meinte det var rikeleg plass til bygg som kunne huse anten fem eller sju leiligheiter.

Men igjen bøygde fleirtalet seg for naboprotestane, protestar som dels handla om trafikkforhold, dels om tap av ustsikt og dels om at mange naboar sa at det ikkje ville vere heldig om det kom andre slags folk enn dei som har råd til å kjøpe seg stor einebustad i feltet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**