Diverre vart ikkje resultatet slik vi hadde håpa. Med Lars ute av Stortinget er ikkje berre vi, men Hordalandsbenken og heile det rikspolitiske miljøet blitt ein stor politikar fattigare. Men vi har to flinke og flotte damer som skal kjempe for vår politikk på Stortinget dei neste fire åra. Dei treng oss meir enn nokon gong!
Dei siste dagane har vi og fått meir enn 1400 nye medlemer på landsbasis, av dei over 100 her i Hordaland. Eg vil ynskje alle dykk hjarteleg velkomne i partiet. Innmeldingane og all støtte vi har fått denne veka, er ei tydeleg stadfesting av at det er bruk for eit sterkt Venstre i sentrum av norsk politikk.
Vi har ein stor jobb å gjere fram mot kommune- og fylkestingsvalet i 2011, og sjølvsagt storingsvalet i 2013. Denne jobben må vi starte no, og den må gjerast i organisasjonen. De som medlemmer, lokallagsleiarar og lokalpolitikarar vert avgjerande for at vi skal lukkast med gjenreisinga.
Eg oppmoda dykk om å bruke skjema som vert sendt ut til lokallagsleiarane slik at vi i valkamputvalet og i styret får dei innspela vi treng for å gjere fleire ting betre i tida som kjem. Eg håpar og at vi saman kan skapa møteplassar for god politikkutvikling og sosialliberale debattar, som gjer oss alle påfyll og inspirasjon.
Fylkessamlinga 14. november vert første store møteplass i så måte. Eg gler meg til å møte både nye og gamle medlemer til ei inspirerande samling for det vidare arbeidet i partiet.
Beste helsing
Mona H Hellesnes
fylkesleiar