Hei!
Ja, valet blei dessverre ein stor nedtur, både nasjonalt og lokalt!
Årsakene er nok fleire; vel særleg i det politiske, men også i valkampen. Så Venstre både lokalt, i fylket og på landsplan vil drøfta dette nærmare.
Men samstundes må vi hugsa å sjå mogelege konsekvensar i høve til kva framtida krev, korleis vi ønskjer samfunnet skal utvikla seg vidare!
Flott om du har innspel til denne sjølvgranskinga og til ønskjeleg kurs framover! Ta kontakt; E-post eller via telefon. Sei frå om du ønskjer vi skal formidla tankane vidare, eller berre bruka dei til vår interne diskusjon i Voss.
Elles er det kjekt å høyra at Venstre har fått mange nye medlemmer siste par dagane.
Kan du som no berre står som interessert i å få informasjon tenkja deg å bli med?
Kjenner du andre som vil ha meir informasjon om Venstre, for eksempel gjennom dei månadlege infobreva?
For Venstre i Voss blir det endå viktigare å driva ein aktiv og synleg politikk lokalt!
Tidlegare har vi meint at Venstre i Voss i haust vil prøva å særleg markera seg innan kultur og næringsutvikling.
Kommunestyre, kommunale utval og «Hordaland» vil vel framleis vera dei sentrale plassane. Tankar om korleis vi best kan arbeida?
Og endeleg: Stor takk til alle som stemte Venstre, stod på stands eller delte ut brosjyrer i postkassane!
Beste helsing
Knut Olav Nestås, — Torstein Gunnarson
leiar Voss Venstre — gruppeleiar k.styre